Fleire på camping og hyttegrend

Publisert:

Ei tidleg påske førte til at talet på overnattingar på campingplassar og hyttegrender auka kraftig i mars i år samanlikna med mars i fjor. Det var òg fleire overnattingar på campingplassane i mars enn i «normalåret» 2019. For hotella, vart det nok ein krevjande månad med reduksjon i overnattingane.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det samla var om lag 960 000 overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i mars i år. Det er ein reduksjon på 6,3 prosent samanlikna med mars i 2020. For hotella fortsette nedgangen, men solid auke i overnattingane ved campingplassane, hyttegrendene og vandrarheimane, bidrog til å dempe nedgangen. Etter eit år med koronatiltak, fortsette nedgangen i det samla talet på overnattingar.

Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring i prosent mot same månad året før

Sept. 2019 Okt. 2019 Nov. 2019 Des. 2019 Jan. 2020 Feb. 2020 Mar. 2020 April 2020 Mai 2020 Juni 2020 Juli 2020 Aug. 2020 Sept. 2020 Okt. 2020 Nov. 2020 Des. 2020 Jan. 2021 Feb. 2021 Mar. 2021
Hotell 5.14 9.74 7.50 10.20 8.88 11.68 -57.02 -86.55 -77.60 -55.96 -8.95 -41.14 -42.28 -37.81 -61.77 -54.60 -64.16 -64.60 -23.00
Campingplassar 0.82 5.50 -0.42 15.76 12.35 10.87 -40.65 -73.45 -7.59 -19.65 4.70 -4.62 -6.45 4.06 -13.87 -8.53 -6.81 -6.58 98.44
Hyttegrender og vandrarheimar 1.31 10.31 9.12 13.29 11.24 25.80 -43.54 -81.10 -63.85 -53.98 -6.59 -27.80 -6.52 -6.21 -4.15 -21.64 -39.69 -39.78 30.39

Nærmare normalen på campingplassane

Det var om lag 171 000 overnattingar ved norske campingplassar i mars. Det var nesten ei dobling frå mars i fjor. Det var om lag 92 000 fleire norske overnattingar, medan utanlandske vart redusert med 7 000 overnattingar. Samanlikna med tidligare periodar var det fleire overnattingar i mars i år enn det var i både mars i 2019 og i 2017, men i begge desse åra fall påskeuka i april. Det var fleire norske overnattingar som bidrog til auken. Dei utanlandske overnattingane sank som følgje av at det var strengare innreiserestriksjonar i mars i år enn i mars 2020.

I midten av mars 2020 måtte mange av campingplassane stenge da det vart innført ei rekke koronarestriksjonar. I mars i år haldt langt fleire campingplassar opent heile månaden noko som bidrog til den kraftige auken i overnattingar. Ei anna medverkande årsak til auken var at første del av påska fall i mars i år, medan den var i april i fjor. Når påska faller har stor innverknad på tala.

Figur 2. Overnattingar ved campingplassar for mars

Mars 2010 Mars 2011 Mars 2012 Mars 2013 Mars 2014 Mars 2015 Mars 2016 Mars 2017 Mars 2018 Mars 2019 Mars 2020 Mars 2021
Norge 259117 178012 197436 271579 160002 200757 235620 116546 208992 124580 74130 165952
Utlandet i alt 24287 27396 28240 18492 18894 17842 21181 22394 25043 20827 12172 5303

Nedturen for hotella held fram

Etter eit år med kornarestriksjonar fortsett nedgangen i overnattingar ved hotella. Det var om lag 633 000 overnattingar ved norske hotell i mars i år. Dette er 23 prosent færre målt mot mars i 2020. Det var 52 000 færre norske overnattingar og 133 000 færre utanlandske.

Dei fleste fylka hadde færre overnattingar, unntaka var blant anna fylka på vestlandskysten. Rogaland og Møre og Romsdal hadde ein auke på høvesvis 14 og 5,3 prosent, medan Vestland var om lag uendra. Svalbard auka med 6,3 prosent.

Fleire overnattingar på hyttegrend og vandrarheim

  • 154 000 overnattingar i mars 2021
  • 36 000 fleire enn mars sist år
  • Norske overnattingane auka på om lag 84 000
  • Det var 49 000 færre utanlandske overnattingar

 

Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.

Karantenehotell

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve, den 26.03.2021 gjort fleire endringar i reglene om karantenehotell. Regel er framleis at dei som kjem til Noreg plikter å gjennomføre karantenetida på karantenehotell, men det vart gjort endringar i kva grupper som er unntatt frå denne plikten og kor lenge dei må opphalde seg på karantenehotell. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i mars. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Dette er i samsvar med korleis andre europeiske land som rapporterer til Eurostat behandlar dette.