Fleire nordmenn på camping og hyttegrend i september

Publisert:

Overnattingar i september 2020 fall med 34 prosent mot same månad året før. Det var ein nedgang for alle overnattingsformer, men fleire norske overnattingar på både campingplassar og hyttegrender bidrog til at nedgangen blei dempa. For hotella var det ein nedgang i både norske og utanlandske overnattingar.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i september i år. Det er nesten 1 million færre enn i september i fjor. Talet på totale norske overnattingar gjekk ned med 20 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 73 prosent. Norske overnattingar fall med 29 prosent på hotella, medan dei auka med 11 prosent på campingplassar, og 32 prosent på hyttegrender og vandrarheim.

- Nordmenn er glad i å reise, og vi har sett at camping og hytter, der du kan være saman i ei lita gruppe er populært under pandemien, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Restriksjonar for å stogge pandemien i september var særskilt knytt til innreise for utanlandske turistar, samt restriksjonar knytt til sosial distansering som gjerne gjer seg gjeldande på hotell, og dette synes godt i tala.

Figur 1. Totale overnattingar etter bustadsland, september 2020

September 2010 September 2011 September 2012 September 2013 September 2014 September 2015 September 2016 September 2017 September 2018 September 2019 September 2020
Noreg 1718251 1757799 1861635 1714075 1851172 1894558 1971430 2037694 1958441 2018340 1622126
Utlandet i alt 483945 481214 533050 525797 575307 631592 700369 750552 715474 767914 204795

Store regionale skilnader

I september, som vi òg har sett i tidlegare månader under pandemien, var det store regionale skilnadar på kor i landet det var endringar målt mot same månad året før. Det var fleire totale overnattingar for Agder i september i år mot september i fjor, medan alle andre fylka hadde ein nedgang. Nedgangen var spesielt stor i Oslo, Vestland, Viken og på Svalbard.

Ser vi nærmare på kor i landet veksten var størst i norske overnattingar på campingplassar, hadde alle fylka bortsett frå Vestfold og Telemark fleire norske overnattingar. Auken i norske overnattingar på campingplassar var særskilt kraftig i Agder, men også i Møre og Romsdal, Nordland og Innlandet.

Eit tilsvarande blikk på hyttegrend og vandrarheim syner at alle fylka bortsett frå Trøndelag hadde ei auke. Særskilt Viken med ein dobling, skilte seg ut med langt fleire norske overnattingar.

Figur 2. Totale overnattingar etter fylke, september 2019 og 2020

September 2019 September 2020
Viken 453200 275931
Oslo 500868 187545
Innlandet 274866 253078
Vestfold og Telemark 157517 123161
Agder 101375 111864
Rogaland 190213 130664
Vestland 451563 230523
Møre og Romsdal 129517 102916
Trøndelag 223220 179940
Nordland 131475 109772
Troms og Finnmark 161000 115315
Svalbard 11440 6212

Stor nedgang på hotell i september

Det var om lag 1,3 millionar overnattingar ved norske hotell i september i år. Dette er 42 prosent færre målt mot september i 2019. Nedgangen i norske og utanlandske overnattingar bidrog om lag like mykje til fallet, sjølv om den prosentvise nedgangen var høgare for dei utanlandske. Blant utlendingane var det færre overnattingar frå USA, Kina og Tyskland som bidrog i størst grad til nedgangen i overnattingar. September er ein månad der det tradisjonelt er ein del overnattingar med yrke, og kurs og konferanse som formål. I september var nedgangen i talet på overnattingar med yrke som formål like stor som nedgangen i overnattingar med ferie og fritid som formål.

Figur 3. Hotellovernattingar fordelt etter formål med overnattingane, september 2019 og 2020

September 2019 September 2020
Ferie, fritid 1036350 670125
Yrke 855585 472231
Kurs, konferanse 283658 113432