13352_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13352
39 200 barn med tiltak siste år
statistikk
2006-08-29T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

39 200 barn med tiltak siste år

I alt 39 200 barn og unge tok imot tiltak frå barnevernet i 2005. Det er nær 1 600 fleire enn året før, og ein auke på 4,2 prosent. Vel 10 000 barn var nye i barnevernet siste år.

Dei aller fleste barn med tiltak, nær 32 150, tek berre imot hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, økonomisk hjelp, barnehage eller støttekontakt. For vel 7 100 barn og unge hadde det offentlege teke over omsorgen etter vedtak i fylkesnemnda. Av barn under omsorg av barnevernet i 2005, var 83 prosent plasserte i fosterheim. Resten hadde enten plass i institusjon eller hadde andre omsorgstiltak utanfor heimen. Det er framleis noko fleire gutar enn jenter med barnevernstiltak, vel 21 200 gutar mot vel 17 900 jenter tok imot tiltak i 2005. Ser ein dette i høve til folketal, var det 33,8 per 1 000 gutar 0-17 år, mot 30,1 jenter som hadde barnevernstiltak i løpet av 2005.

Størst auke blant dei eldste

Talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene siste år, men dei to tenåringsgruppene 13-17 år og 18-22 år, hadde den største prosentvise auken. Førstnemnde auka med om lag 600, til vel 12 850 tenåringar, ein auke på 5,2 prosent. Ettervernsklientane, dei over 18 år, auka med nær 300, eller 7,7 prosent. I alt var det vel 4 100 ungdommar over 18 år som tok imot ulike barnevernstiltak i løpet av 2005. Ser ein alle aldersgruppene samla, var auken som før nemnd på 4,2 prosent.

Andre tiltak på topp

Andre tiltak ligg framleis på toppen av lista over registrerte barnevernstiltak. I dette samlebegrepet inngår både til dømes råd og rettleiing , deltaking i ansvarsgruppe , hjelp med lekselesing o.l. Nær 18 600 barn og unge, eller 47 prosent av alle barn med tiltak, var registrerte med andre tiltak i 2005. Det er nær 1 500 fleire enn året før, og ein auke på 9 prosent. Vel 13 700 tok imot økonomisk stønad - det vil seie 35 prosent av alle barnevernsklientane i 2005. Her var auken på under 1 prosent frå året før. Besøksheim/avlastning, fosterheim, barnehage, støttekontakt og tilsyn er andre tiltak som ofte blir nytta. Av dei nyare tiltaka som MST - multisystemisk terapi, og PMTO - foreldrerettleiing, er det sistnemnde som skil seg ut med ein auke på 77 prosent, frå 273 til 483 barn med tiltak, frå 2004 til 2005. Bruken av MST ser derimot ut å ha stagnert noko, med ein auke på 1,6 prosent siste år.

Plassering som hjelpetiltak

Lov om barneverntjenester frå 1993 gjer det mogeleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Plasseringa blir da kalla eit hjelpetiltak. Tabellen under viser tal på barn med tiltak per 31. desember. Frå 1993 har talet på barn som er plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 800 barn ved utgangen av år 2005. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak - frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til nær 750 barn i 2005. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.

Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter
type tiltak. 1993-2005
år       Fosterheimar
i alt
      Fosterheimar
(omsorg)
      Fosterheimar
(hjelpetiltak)
      Barneverns-
institusjonar
i alt
      Barneverns-
institusjonar
(omsorg)
        Barneverns-
institusjonar
(hjelpetiltak)
1993    4 952 4 641  311  748  583  165
1994    4 843 4 267  576  782  515  267
1995    4 959 4 216  743  787  428  359
1996    4 902 3 981  921  824  408  416
1997    5 118 4 055 1 063  788  357  431
1998    5 456 4 198 1 258  933  424  509
1999    5 664 4 277 1 387 1 011  438  573
2000    6 007 4 462 1 545 1 140  460  680
2001    6 159 4 551 1 608 1 225  482  743
2002    6 344 4 712 1 632 1 189  513  676
2003    6 697 4 926 1 771 1 301  568  733
2004    6 922 5 054 1 868 1 279  569  710
2005    7 030 5 205 1 825 1 310  571  739

Vel 10 000 nye barn med tiltak

Sist år var det vel 10 000 nye barn som tok imot barnevernstiltak, mot nær 9 900 nye året før (tabell 9). Ein auke på 1,5 prosent siste år. Av dei nye barna i barnevernet var det foreldra sjølve (mor/far) som i 24 prosent av sakene tok kontakt med barnevernet (tabell 10). Barneverntenesta stod sjølv bak 8 prosent av dei nye sakene. Skulen meldte frå om 11 prosent av barna, og politiet stod bak 7 prosent av sakene. Barnehage og naboar var registrerte som meldingsinstans i 3 og 2 prosent av sakene. Av nye barnevernsbarn i alderen 0-5 år, var barnehagen meldingsinstans i 5 prosent av sakene.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2004 og 2005

29 900 barn med tiltak per 31.12

Ved utgangen av 2005 var nær 29 900 barn registrerte med barnevernstiltak. Dette er nær 1 100 fleire enn året før, og ein auke på 3,8 prosent. Heile åtte av ti av desse barna, vel 23 850 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 900 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 4,0 prosent. Per 31.desember var vel 6 000 barn under omsorg av barnevernet, jf. § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste - vel 5 200 barn - plasserte i fosterheim. Det var 180 fleire barn under omsorg per 31. desember 2005 enn ved utgangen av 2004. Det vil seie ein auke på 3,1 prosent siste år, mot 2,3 prosent frå 2003 til 2004. Frå år 2000 har talet på barn under omsorg auka med 870 barn, eller ein auke på 17 prosent. I same periode har talet på barn med hjelpetiltak auka med nær 4 200, ein auke på 21 prosent.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2005 var det i gjennomsnitt 25,2 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot barnevernstiltak, mot 24,5 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Telemark, og Møre og Romsdal ligg på topp med 32,3 og 28,6 klientar per 1 000 barn. Aust-Agder og Nordland ligg òg høgt med 28,4 og 28,3 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 19,2. Hedmark ligg òg lågt med 21,6 barn med tiltak per 1 000 barn. Størst auke siste år hadde Telemark, Aust-Agder og Sør-Trøndelag, medan 6 fylke hadde nedgang i klientar per 31.12, sett i høve til talet på barn under 18 år. Størst var nedgangen i Østfold.

Flest med tiltak i Stavanger

Av dei fire største byane er det framleis Stavanger som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2005 hadde 28,8 per 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak, mot 31,5 året før. Til samanlikning hadde Trondheim og Oslo 27,1 og 26,5. I Bergen hadde 26,0 per 1 000 barn barnevernstiltak. Alle dei fire storbyane ligg over landsgjennomsnittet, som var 25,2 per 1000 barn under 18 år.

Tabeller: