13342_om_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13342_om
statistikk
2006-08-29T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
false

Barnevern2005

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Barnevern
Emne: Sosiale forhold og kriminalitet

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Meldingar: Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gå gjennom meldingar dei har motteke og konkludere om meldinga skal leggjast bort eller om dei skal starte ei undersøking. Meldingar som kjem til barnevernstenesta og som blir lagt bort, og ikkje fører til undersøking, vart fram til 2013 ikkje innhenta av SSB.

Undersøkingar: Barnevernstenesta har rett og plikt til å starte ei undersøking når det er rimeleg grunn til å tru at barn lever under slike høve at det kan bli aktuelt med tiltak etter lov om barneverntjenester. Frå 2013 blir alle undersøkingar innhenta av SSB, før det er det slik at dersom barnevernstenesta gjer fleire undersøkingar om same barn, er det enten den undersøkinga som førte til vedtak om tiltak eller den første undersøkinga i statistikkåret som vart registrert.

Hjelpetiltak: Hjelpetiltak er etter lov om barneverntjenester heimla i § 4-4 (i gammal barnevernlov både § 18 førebyggjande tiltak og § 51 ettervernstiltak). Hjelpetiltak kan til dømes vera økonomisk stønad, barnehage, støttekontakt, tilsyn, besøksheim/avlastingsheim, heimekonsulent, avlastingsinstitusjon, foreldre-/barneplassar (mødreheim), poliklinisk behandling i psykisk helsevern for barn og unge, hjelp til bustad o.a. Den nye barnevernloven som kom i 1993, opna for at barn kan plasserast bort frå heimen - til dømes i fosterheim - utan at ein må treffa vedtak om å ta omsorgen. Ei slik plassering etter § 4-4 femte ledd, vil då bli eit hjelpetiltak.

Omsorgstiltak: Omsorgstiltak er etter lov om barneverntjenester grunngjeve i § 4-12 (etter gammal barnevernlov § 19). Alle vedtak om å ta omsorgen for barnet og plassere det til oppfostring borte frå heimen skal avgjerast i fylkesnemnda. Omsorgstiltak er tiltak heimla i § 4-12 som til dømes beredskapsheim, fosterheim, barnevernsinstitusjon, andre behandlingsinstitusjonar eller andre omsorgstiltak borte frå heimen. Når barnet er under omsorg, skal alle tiltak barnet har registrerast som omsorgstiltak. Fram til 2013 rapporterte kommunane sjølv om eit tiltak var omsorgstiltak, frå 2013 registrerer SSB om det er hjelpe- eller omsorgstiltak vha. lovheimel på tiltaket. Eit omsorgstiltak er definert som at dersom paragraf er enten §§ 4.8.2, 4.8.3 eller startar med 4.12, eller paragraf er §§ 4.8.,4.8.0,4.8.1 og jamfør paragraf starter med 4.12 er det eit omsorgstiltak.

Ettervern: I 1998 blei barnevernloven endra slik at tiltak som blir starta før barnet er 18 år, kan fortsette eller bli erstatta med andre hjelpetiltak dersom barnet gir sitt samtykke til dette. Slike tiltak kan fortsette til barnet blir 23 år, og eit fellesomgrep for tiltak i aldersgruppa 18-22 år er ettervern.

Nye barn i barnevernet: Alle barn med tiltak frå barnevernet i statistikkåret som vi ikkje finn att i barnevernsstatistikken året før, blir definert som "nye barn" med tiltak. Det vil seie at sjølv om barnet blir registrert som nytt barn i barnevernsstatistikken, kan det hende at barnet har motteke hjelp tidligare. Fullt fødselsnummer er her nøkkelen til å skilje ut kven som er nye barn i barnevernet.

Tilsette vert registrerte i desse utdanningskategoriane: sosionomar, barnevernspedagogar, anna høgskule-/universitetsutdanning, kontor-/merkantilutdanning, anna utdanning/ufaglært.

Organisering: Her vert det registrert dersom barnevernstenesta er organisert i eit vertskommunesamarbeid og/eller som ein del av NAV.

Kvalitetsindikatorar: Her vert det registrert om barnevernstenesta har eit system for brukarundersøking, om dei har nytta brukarundersøking i statistikkåret og om barnevernstenesta har internkontroll.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Bakgrunn

Produksjon

Nøyaktigheit og pålitelegheit