170784
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/aar
170784
Talet på barn med tiltak frå barnevernet stabiliserer seg
statistikk
2014-12-15T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false
Antall barn og unge med tiltak fra barnevernet. 53 150 barn og unge fikk tiltak fra barnevernet i 2013. Politi, barnevernstjeneste og skole står bak de fleste meldingene.

Barnevern2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på barn med tiltak frå barnevernet stabiliserer seg

53 150 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i 2013, om lag det same som i 2012. På slutten av 2013 var det òg 4 prosent færre barn og unge med tiltak enn på slutten av 2012. Dette kan tyde på at omfanget av barn med tiltak frå barnevernet stabiliserer seg.

Hovudtal for barnvernsstatistikken
201120122013
1Fram til og med rapporteringsåret 2012 blei kun ei undersøking per barn rapportert, og då den første eller den som eventuelt førte til tiltak. Frå og med 2013 er alle undersøkingar starta og/eller avslutta i løpet av året rapportert.
Barn med barnevernstiltak i løpet av året52 09853 19853 150
Hjelpetiltak43 61344 20344 072
Omsorgstiltak8 4858 9959 078
 
Oslo5 5265 3955 692
Region aust11 96112 18612 108
Region sør11 04511 08611 090
Region vest10 05810 53210 809
Region Midt-Noreg7 3727 7247 594
Region nord6 1366 2755 857
 
Meldingar i løpet av året52 553
 
Undersøkingar starta i løpet av året135 09034 59141 493
Undersøkingar avslutta i løpet av året135 87836 65238 046
 
Tilsette i alt4 016,94 375,24 855,6

Frå 2013 er det gjort endringar i korleis det blir rapportert, og kva som blir rapportert frå kommunane til Statistisk sentralbyrå (SSB). I tillegg har ikkje alle kommunar rapportert for 2013. Dermed kan ikkje alle tal for 2013 samanliknast med tidlegare år.

Stabilt tal på barn og unge med tiltak i løpet av året

53 150 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet i 2013. I 2012 var talet 53 200. Nesten 9 100 barn var under omsorg i 2013, ein auke på nesten 100 barn. Vel 44 050 barn og unge fekk hjelpetiltak, ned frå 44 200 i 2012. Fordelinga har vore omtrent uendra dei siste åra: 83 prosent av barna og dei unge i barnevernet fekk hjelpetiltak i 2013, medan 17 prosent fekk omsorgstiltak.

Talet på unge mellom 18 og 22 år - dei som fekk ettervern frå barnevernet - var 6 850 i 2013. Dette er ein auke på 3 prosent frå 2012, men det er ein lågare vekst enn dei siste åra.

79 prosent av meldingane vidare til undersøking

I løpet av 2013 gjennomgjekk barnevernstenesta 52 550 meldingar som omfatta 46 550 barn. Eitt barn kan ha fleire meldingar. Dei aller fleste meldingane vart gjennomgått og konkludert innanfor fristen på 7 dagar, under 2 prosent hadde lengre behandlingstid.

Av meldingane var det 41 550, eller 79 prosent, som gjekk vidare til undersøking. Resten av meldingane vart lagde bort. For aldersgruppa 0-2 år var det færre meldingar som vart lagde bort enn i dei eldre aldersgruppene. Vel 16 prosent av meldingane for 0-2 åringane vart lagde bort, medan dette gjaldt 23 prosent i aldersgruppa 13-17 år.

53 prosent av meldingane gjaldt gutar og 47 prosent gjaldt jenter i 2013. Dette er omtrent det same som fordelinga mellom gutar og jenter som fekk tiltak. 55 prosent av dei som fekk tiltak i løpet av 2013 var gutar, og 45 prosent var jenter.

Politi, barnevernstenesta og skolen står bak dei fleste meldingane

Politiet meldte oftast til barnevernet i 2013, nær 15 prosent av meldingane kom frå dei. Men meldingane frå politiet blir ofte lagde bort. Heile 41 prosent av meldingane frå politiet vart lagde bort og ikkje undersøkt nærare av barnevernet.

Ved sida av politiet er det barnevernstenesta sjølv og skolen som står bak dei fleste meldingane, høvesvis 14 og 13 prosent av meldingane. Også foreldre/føresette var ein hyppig meldar. Dei stod bak vel 9 prosent av meldingane i 2013. Dette er dei same instansane som har meldt mest også tidlegare år, i dei meldingane som har gått til undersøking som er dei SSB har samla inn før 2013. Andre som melder ofte - og som kvar står bak i overkant av 5 prosent av meldingane - er lege/sjukehus/tannlege, barnevernsvakt og privatpersonar.

Også barnehage stod bak vel 5 prosent av alle meldingar. Ser vi på aldersgruppa der barnehage er mest aktuell som meldar, 0-5 år, var over 12 prosent av meldingane frå barnehage. Under 10 prosent av alle meldingane frå barnehage vart lagde bort.

Flest meldingar på grunn av manglande foreldreferdigheiter

I heile 22 prosent av meldingane som konkluderte med at undersøking skulle startast, var manglande foreldreferdigheiter registrert som innhald i meldinga. Dei andre store kategoriane var følgjande:

  • vald i heimen/barnet vitne til vald i nære relasjonar
  • rusmisbruket til foreldra
  • høg grad av konflikt heime
  • psykiske problem/lidingar hos foreldra

Alle kategoriane er registrert i 12 prosent eller meir av meldingane. Dei to samlekategoriane ‘andre forhold ved foreldra’ og ‘andre forhold ved barnet sin situasjon’ var òg store. Dei utgjorde høvesvis 17 og 12 prosent av meldingane. I 2013 har SSB i liten grad fått rapportert innhaldet i dei meldingane som er lagde bort. Tala i dette avsnittet syner korleis innhaldet er i dei meldingane som er gått til undersøking.

41 500 undersøkingar starta

Det vart starta 41 500 undersøkingar for 38 850 barn i løpet av 2013. Eitt barn kan ha fleire undersøkingar. Dette er ein auke for barn med undersøking på over 12 prosent frå 2012, då vart det starta undersøking for nær 34 600 barn. I 2013 var det i aldersgruppa 6-12 år dei fleste undersøkingane vart starta, heile 38 prosent. Nær 32 prosent vart starta i aldersgruppa 0-5 år, og vel 28 prosent i aldersgruppa 13-17 år.

Vedtak om tiltak i 43 prosent av undersøkingane

Barnevernstenesta konkluderte 38 050 undersøkingar i løpet av 2013. I 42 prosent av undersøkingane vart det gjort vedtak om tiltak, samstundes som det i litt over 1 prosent av alle undersøkingane vart sendt krav om tiltak til fylkesnemnda frå barnevernet. Resten av undersøkingane vart lagde bort med ulik grunngjeving. Knapt 44 prosent vart lagt bort etter vurdering gjort av barnevernstenesta. 8 prosent var lagt bort fordi familien ikkje ønskte hjelp, og 5 prosent fordi familien flytta.

Over 74 prosent av undersøkingane som vart avslutta i 2013, vart konkludert innanfor fristen på 3 månader. Gjennomsnittleg behandlingstid var 97 dagar. Det er ein auke frå 2012, då gjennomsnittet var 85 dagar. Mykje av denne auken er sannsynlegvis ei følgje av endringane i rapporteringa. I og med at SSB frå 2013 får rapportert inn alle undersøkingar - ikkje som tidlegare berre ei per barn, og då den som eventuelt førte til tiltak - er det naturleg at behandlingstida aukar.

Manglande foreldreferdigheiter oftast grunn til tiltak

For undersøkingane som konkluderte med vedtak om tiltak eller krav sendt til fylkesnemnda, var det oppgitt følgjande grunnar:

  • manglande foreldreferdigheiter: 25 prosent
  • psykiske problem/lidingar hos foreldra: 17 prosent
  • andre forhold ved foreldra/familien: 13 prosent
  • høg grad av konflikt heime: 10 prosent

Det er altså forskjellar i kva som er mest vanleg som innhald i meldinga, og kva som blir gjeve som grunn til å sette i verk tiltak. Manglande foreldreferdigheiter er likevel det som oftast er gjeve som årsak til meldingane, og som grunngjeving for tiltaka.

Færre barn og unge med tiltak på slutten av året

På slutten av 2013 var vel 37 250 barn og unge registrerte med tiltak frå barnevernet. Dette er 4 prosent færre enn i 2012. Det er barn og unge med hjelpetiltak som er redusert. Delen under omsorg har auka med nesten 5 prosent. Knapt 8 200 var under omsorg på slutten av året.

Fleire med plasseringstiltak

Av barna med tiltak på slutten av året var 39 prosent plasserte utanfor heimen, enten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Det svarar til 14 500 barn og unge. Talet på plasserte barn auka med 4 prosent frå utgangen av 2012, inkludert dei som bur i institusjon. Fosterheim er det viktigaste plasseringstiltaket, 7 av 10 plasserte budde i fosterheim i 2013. Det var omkring 650 barn og unge i beredskapsheim på slutten av året. Nesten 2 350 budde i bustad med oppfølging, eller fekk økonomisk hjelp til hybel.

Tala syner at vel 1 450 barn og unge budde i institusjon ved utgangen av året, men dette talet er litt for høgt og har si årsak i at ein del gamle tiltak - etter at nye tiltakskodar kom for 2013 - har fått koden for institusjon i rapporteringa til SSB. SSBs statistikk for barnevernsinstitusjonar viser at det var omtrent 1 250 barn og unge i institusjon ved utgangen av 2013.

Mange nye tiltakskategoriar

I samband med omlegging av statistikken er det frå 2013 mogleg å registrere og rapportere i fleire tiltakskategoriar enn tidlegare. I alt var det rapporterte inn 147 250 tiltak i løpet av 2013. Dette er ein stor auke frå 2012, då 120 200 tiltak vart rapportert inn. At talet er så høgt, kjem nok i stor grad av omlegginga, derfor nyttar vi tala på slutten av året for å gje eit betre bilete av tiltaksbruken.

Talet på tiltak på slutten av 2013 var omkring 77 350, 200 færre enn i 2012. Av dei åtte hovudkategoriane - der tre inneheld plasseringstiltak - var ‘tiltak for å styrke barn si utvikling’ størst. 40 prosent fekk slike tiltak på slutten av 2013. Eksemplar på desse tiltaka er besøksheim/avlasting, økonomisk hjelp, barnehage, SFO og fritidsaktivitetar. 25 prosent av tiltaka frå barnevernet var tiltak for å styrke foreldreferdigheitene. Av desse var vel 15 prosent vedtak om råd og rettleiing. Andre tiltak i denne hovudkategorien er tiltak som PMTO, MST, Marte Meo og andre heimebaserte tiltak. Omtrent 10 prosent av tiltaka var i kategorien ‘nettverksarbeid og samarbeid med andre tenester’. Her er ‘deltaking i ansvarsgruppe’ det største tiltaket. I underkant av 5 prosent av tiltaka på slutten av 2013 var tiltak som innebar tilsyn og kontroll. Resten av tiltaka var plasseringstiltak.

Når det kjem nye tiltak inn i statistikken vil det som regel ta litt tid før ein ser den reelle bruken av tiltaka. Eksempel på nye tiltakskategoriar frå 2013 er:

  • statlege familieheimar
  • heimebaserte tiltak, som FFT, De utrolige årene, ICDP og Marte Meo
  • tiltak retta mot barnet, som samtalegrupper/barnegrupper og ART
  • ulike typar av tilsyn og kontroll, som tilsyn under samvær og ruskontroll
  • nettverksarbeid med tiltak, som familieråd, nettverksmøter og individuell plan

Nær 10,7 milliardar kroner i brutto driftsutgifter

Totale brutto driftsutgifter auka med nesten 800 millionar frå 2012 til 2013. Dette er ein vekst på 8 prosent, men ein god del lågare enn dei 13-14 prosentane som veksten har vore dei siste åra. Ein del av desse utgiftene er knytt til talet på årsverk. Det var 4 856 årsverk i barnevernstenesta ved utgangen av 2013.

Som for 2012 har det òg i 2013 vore endringar i rapporteringa av årsverk. Fleire tilsette knytt til tiltak frå barnevernet har vorte definert inn. Dette gjer det vanskeleg å seie kor stor del av auken som har si årsak i desse endringane, og kor mykje som kjem av ein eventuell auke i talet på tilsette. Den dominerande gruppa av tilsette er barnevernspedagogar, dei utgjer 2 300 årsverk. 1 475 årsverk er utdanna sosionomar.

Stadig fleire barnevernstenester i interkommunalt samarbeid

Av 428 kommunar var 195, eller nær 46 prosent, organiserte i eit interkommunalt samarbeid ved utgangen av 2013. Veksten i interkommunalt samarbeid held fram, men er ikkje så sterk som dei førre åra. 14 kommunar organiserte barnevernstenesta som ein del av NAV i 2013, det same talet som i 2012.

Endringar i statistikkenÅpne og lesLukk

2013 er første året med barnevernsdata etter ei større omlegging av statistikken. SSB får no filuttrekk frå kommunane i eit nytt format, og innhaldet på fila er òg endra. Dette kan påverke kvaliteten på tala. Frå 2013 vert alle meldingar og undersøkingar rapporterte til SSB. Tiltakskategoriane er utvida frå 28 til 8 hovudkategoriar og 48 tiltak under desse. I tillegg er det no SSB, ikkje  registreringa som kommunane gjer, som fastset om eit tiltak er eit hjelpe- eller omsorgstiltak etter kva lovheimel som er rapportert - og om tiltaket er ei plassering eller ikkje etter kva tiltakskategori som er rapportert.

Kommunane Granvin, Værøy, Flakstad, Moskenes, Kautokeino og Måsøy har ikkje rapportert inn tal for 2013. Av alle barn og unge i alderen 0-22 år i landet var 0,15 prosent registrert i desse kommunane ved utgangen av 2013. Landstala i denne artikkelen og i statistikkbanktabellane har ikkje desse seks kommunane inkludert.

Frå melding via undersøking til tiltakÅpne og lesLukk

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB