276520_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/maaned
276520
Lita auke i byggjekostnadene
statistikk
2017-03-10T08:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false
Statistikken viser byggekostnadsindeksen for bolighus. Byggekostnadene for boliger økte med 0,3 prosent fra januar til februar 2017.

Byggekostnadsindeks for bustaderfebruar 2017

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lita auke i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader gjekk opp med 0,3 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnadene steig med 0,2 prosent, mens materialkostnadene auka med 0,3 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
Februar 2017
Endring frå førre månad, prosentEndring frå førre år, prosentIndeks
1Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.
Bustader i alt10,33,4180,1
Bustader i alt, arbeidskraft0,22,3186,2
Bustader i alt, materialar0,34,1183,4
Einebustader av tre0,23,0180,5
Einebustader av tre, materialar0,13,3181,4
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid0,23,0181,1
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar0,13,4180,4
Bustadblokker0,42,9179,2
Bustadblokker, materialar0,53,0187,6

Byggjekostnadene for einebustad av tre og bustadblokker auka med høvesvis 0,2 og 0,4 prosent. Lønnsstatistikken for 4. kvartal 2016 er rekna inn i byggjekostnadene for februar 2017.

Frå februar 2016 til februar 2017 auka kostnadene for bygging av einebustader av tre og bustadblokker med høvesvis 3,0 og 2,9 prosent. De tilsvarande materialkostnadene steig med 3,3 og 3,0 prosent i same periode for einebustad og bustadblokk.

Feilberegning i arbeidskraftkostnaderÅpne og lesLukk

Det er beregnet feil arbeidskraftkostnader i byggekostnadsindeksene fra og med mai 2016 til og med desember 2016. Dette har medført at indeksene som inkluderer arbeidskraft har blitt for lave. Rettinger er gjort i statistikkbanken ved publiseringen 10. januar 2017.