250465_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
250465
Nedgang i skatteinnbetalingane
statistikk
2016-04-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Frå januar til mars 2016 blei det betalt inn 231 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapmars 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i skatteinnbetalingane

Til no i år er det betalt inn 231 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 8 milliardar, eller 3,3 prosent, mindre enn i same periode i fjor. Mens nedgangen i petroleumsskattane held fram, bidreg auken i innbetalingar frå personlege skatteytarar til å dempe den samla nedgangen.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mars 2015Mars 2016Mars 2015Mars 2016
I alt238 738230 782-3,0-3,3
Ordinær skatt til staten8 88111 117-7,625,2
Ordinær skatt på utvinning av petroleum8 6584 406-26,7-49,1
Særskatt på utvinning av petroleum14 4286 880-24,4-52,3
Fellesskatt til staten68 00165 719-6,1-3,4
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)8 5788 9093,53,9
Ordinær skatt til primærkommunen39 92842 0603,25,3
Medlemsavgift til folketrygda37 14538 5227,13,7
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda53 13052 5863,7-1,0
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar-12581
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mars akkumulert. Prosentvis endring

Som i dei føregåande månadane skyldast nedgangen i samla skatteinnbetalingar lågare innbetalingar frå upersonlege skattytarar. Petroleumsskattane, som berre betalast gjennom denne ordninga, har gått ned med 11,8 milliardar kroner sidan første kvartal i fjor.

Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med om lag 3,4 milliardar kroner og bidreg dermed til å dempe nedgangen i samla innbetalingar. Til no i år har personlege skattytarar betalt inn 191 milliardar kroner. Av dette gjekk 50 milliardar til staten, 50 milliardar til kommuneforvaltninga og 91 milliardar til folketrygda.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.