243545
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
243545
Liten auke i skatteinnbetalingane
statistikk
2016-02-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. I januar 2016 blei det betalt inn 85,5 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapjanuar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i skatteinnbetalingane

Det blei betalt inn 85,5 milliardar kroner i skatt i Noreg i januar i år. Dette er ei auke på 0,2 prosent frå januar 2015.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Januar 2015Januar 2016Januar 2015Januar 2016
I alt85 29685 4603,10,2
Ordinær skatt til staten3 2232 961-3,5-8,1
Ordinær skatt på utvinning av petroleum615-4204,5-100,7
Særskatt på utvinning av petroleum1 024-6213,1-100,6
Fellesskatt til staten17 29618 533-6,97,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 5283 6163,32,5
Ordinær skatt til primærkommunen16 31616 8481,73,3
Medlemsavgift til folketrygda15 30716 0858,45,1
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda27 76326 9674,4-2,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar222460158,1107,2
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar akkumulert. Prosentvis endring

Det aller meste av skatteinnbetalingane i januar kom frå personlege skatteytarar. 85,1 milliardar kroner blei betalt av denne gruppa og dette er 1,4 milliardar, eller 1,7 prosent, meir enn i januar i fjor. Innbetalingar frå upersonlege skattytarar, medrekna petroleumsskattar, var på om lag 220 millionar kroner i januar. Inntekter frå renter med meir var på 100 millionar.

Av dei samla innbetalingane utgjorde skattar til staten 21,7 milliardar, skattar til kommuneforvaltninga 20,4 milliardar og innbetalingar til folketrygda 43 milliardar kroner. Innbetalingar til stat og kommune har auka med høvesvis 4,8 og 3,1 prosent medan betalingar til folketrygda held seg på same nivå som i fjor.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB