222077
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
222077
Petroleumsskattane redusert med 30 prosent
statistikk
2015-11-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av oktober 2015 var det betalt inn 666 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapoktober 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Petroleumsskattane redusert med 30 prosent

Frå januar til oktober i år blei det betalt inn 666 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 29 milliardar, eller 4,2 prosent, mindre enn i same periode i fjor. Nedgangen skyldast i hovudsak lågare innbetalingar av petroleumsskatt.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Oktober 2014Oktober 2015Oktober 2014Oktober 2015
I alt695 368666 014-3,2-4,2
Ordinær skatt til staten23 75823 264-5,0-2,1
Ordinær skatt på utvinning av petroleum56 97939 711-17,0-30,3
Særskatt på utvinning av petroleum93 07164 732-18,2-30,4
Fellesskatt til staten164 915164 919-2,00,0
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)22 65223 7583,14,9
Ordinær skatt til primærkommunen105 337110 8191,85,2
Medlemsavgift til folketrygda96 060103 7736,98,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda129 121134 0843,63,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3 47595330,1-72,6
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - oktober akkumulert. Prosentvis endring

Ordinær petroleumsskatt og særskatt på petroleumsinntekter utgjorde 104 milliardar av skatteinnbetalingane fram til oktober 2015. Jamført med den same perioden i fjor er petroleumsskattane redusert med til saman 46 milliardar kroner, eller 30,4 prosent.

Utanom petroleumsskattane har samla innbetalingar til no i år auka med 3 prosent jamført med det same tidsrommet i fjor. Personlege skattytarar har hittil i år betalt inn 510 milliardar kroner i skatt. Dette er 22 milliardar, eller 4,5 prosent, meir enn ved utgangen av oktober i 2014. Skatt frå upersonlege skatteytarar utanom petroleumssektoren har derimot blitt redusert med 10,2 prosent og bidreg til å trekke samla skatteinnbetalingar ned.

 

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 1,5 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB