222075_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
222075
Framleis nedgang i skatteinnbetalingane
statistikk
2015-10-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av september 2015 var det betalt inn 653 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapseptember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i skatteinnbetalingane

Innbetalingar frå personlege skattytarar auka i dei tre første kvartala i år. Samla skatteinnbetalingar har likevel gått ned på grunn av lågare innbetalingar av petroleumsskatt.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
September 2014September 2015September 2014September 2015
I alt672 538652 983-2,1-2,9
Ordinær skatt til staten23 86123 304-4,5-2,3
Ordinær skatt på utvinning av petroleum46 54032 855-17,4-29,4
Særskatt på utvinning av petroleum75 69854 017-19,3-28,6
Fellesskatt til staten171 937171 6010,1-0,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)22 48323 5663,34,8
Ordinær skatt til primærkommunen104 574109 9482,05,1
Medlemsavgift til folketrygda95 276102 8327,27,9
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda128 695133 6423,63,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3 4741 21930,2-64,9
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - september akkumulert. Prosentvis endring

Det meste av skatteinnbetalingane i september kom frå personlege skattytarar. Til no i år har dei betalt inn 506 milliardar kroner. Det er 22 milliardar, eller 4,5 prosent, meir enn i tilsvarande periode i fjor. Nesten all skatt til kommuneforvaltninga blir betalt gjennom denne ordninga. Veksten i desse innbetalingane har vore høgare i september enn i tidlegare månader. Til no i år er det betalt inn 134 milliardar til kommunar og fylkeskommunar. Dette er 6 milliardar kroner, eller 5,1 prosent, meir enn i tilsvarande periode i fjor.

Auken i innbetalingar frå personlege skattytarar svarar til om lag halvparten av nedgangen i betalingar frå upersonlege skattytarar, der innbetalingar av skatt på petroleumsutvinning inngår. Innbetalingar av petroleumsskatt har gått ned med 35 milliardar kroner frå dei tre første kvartala i fjor til dei tre første kvartala i år. På same tid har innbetalingar av fellesskatt frå upersonlege skattytarar gått ned med om lag 7 milliardar kroner.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 1,3 milliardar kroner.