222069
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
222069
Samla skatteinnbetalingar går ned
statistikk
2015-08-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av juli 2015 var det betalt inn 523 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapjuli 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Samla skatteinnbetalingar går ned

Til no i år er det betalt inn 523 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 17 milliardar, eller 3 prosent, mindre enn i same periode i fjor. Det er nedgangen i oljeskattane som forklarer reduksjonen. Auka skatteinnbetalingar frå personlege skattytarar dempar derimot den samla nedgangen.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Juli 2014Juli 2015Juli 2014Juli 2015
I alt540 092523 007-2,4-3,2
Ordinær skatt til staten19 20618 662-5,1-2,8
Ordinær skatt på oljeutvinning36 17526 345-18,7-27,2
Særskatt på oljeutvinning58 44643 842-21,8-25,0
Fellesskatt til staten147 045143 6310,6-2,3
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)17 35718 0373,43,9
Ordinær skatt til primærkommunen80 81784 1692,14,1
Medlemsavgift til folketrygda73 19378 3977,07,1
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda104 602108 6453,33,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3 2521 28045,7-60,6
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juli akkumulert. Prosentvis endring

Nedgangen i samla skatteinnbetalingar skyldast lågare innbetalingar frå upersonlege skattytarar. Oljeskattane, som berre betalast gjennom denne ordninga, har gått ned med 24 milliardar kroner sidan juli i fjor. I tillegg har fellesskatt til staten frå upersonlege skattytarar gått ned med rundt 7 milliardar kroner.

Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med om lag 14 milliardar kroner og bidreg dermed til å dempe nedgangen i samla innbetalingar. Til no i år har personlege skattytarar betalt inn 393 milliardar kroner. Av dette gjekk 105 milliardar til staten, 101 milliardar til kommuneforvaltninga og 187 milliardar til folketrygda. Auken er størst i folketrygda, og det heng saman med at satsen for medlemskap i folketrygda har auka.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 927 millioner kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB