222071
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
222071
Fortsatt nedgang i oljeskattane
statistikk
2015-07-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av juni 2015 var det betalt inn 439 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapjuni 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt nedgang i oljeskattane

Frå januar til juni i år blei det betalt inn 439 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 20 milliardar mindre enn i den same perioden i fjor. Nedgangen heng i hovudsak saman med lågare innbetalingar av oljeskatt.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Juni 2014Juni 2015Juni 2014Juni 2015
I alt458 376438 638-3,3-4,3
Ordinær skatt til staten16 33015 893-4,9-2,7
Ordinær skatt på oljeutvinning36 13626 058-18,6-27,9
Særskatt på oljeutvinning58 38243 395-21,7-25,7
Fellesskatt til staten131 206127 0721,3-3,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)14 11314 6713,54,0
Ordinær skatt til primærkommunen65 81968 4782,34,0
Medlemsavgift til folketrygda59 10963 4106,87,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda76 61579 8002,74,2
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar666-14030,8-121,0
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-juni akkumulert. Prosentvis endring

Om lag 80 prosent av innbetalingane i juni var skatt på utvinning av petroleum. 9 milliardar kroner blei betalte i ordinær oljeskatt og 15 milliardar blei betalte i særskatt på oljeutvinning denne månaden. Dette er høvesvis 3 milliardar og 4 milliardar kroner mindre enn i juni 2014. Til no i år er dei samla oljeskattane på 69 milliardar kroner, 25 milliardar mindre enn på same tid i fjor. Innbetalingar av fellesskatt til staten frå upersonlege skattytarar har gått ned med 7 milliardar kroner i den same perioden.

Ein auke i innbetalingane frå personlege skattytarar bidreg til å dempe nedgangen i samla innbetalingar. Til no i år har personlege skattytarar betalt inn 12 milliardar kroner meir enn på same tid i fjor. Nedgangen i samla innbetalingar frå personlege og upersonlege skattytarar frå fyrste halvår 2014 til fyrste halvår 2015 er på 20 milliardar kroner, eller 4,3 prosent.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 783 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB