221968
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
221968
Innbetalingane til folketrygda aukar mest
statistikk
2015-06-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av mai 2015 var det betalt inn 409 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapmai 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Innbetalingane til folketrygda aukar mest

Frå januar til mai i år blei det betalt inn 409 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein reduksjon på 12 milliardar frå det same tidsrommet i fjor, tilsvarande 3 prosent. Etter ein kraftig auke er innbetalingar til folketrygda no den største skattekjelda.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mai 2014Mai 2015Mai 2014Mai 2015
I alt421 545409 195-2,9-2,9
Ordinær skatt til staten15 96415 544-5,1-2,6
Ordinær skatt på oljeutvinning24 68217 235-21,2-30,2
Særskatt på oljeutvinning39 87528 710-24,2-28,0
Fellesskatt til staten127 568125 2460,6-1,8
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)13 86614 3232,83,3
Ordinær skatt til primærkommunen64 66066 8541,63,4
Medlemsavgift til folketrygda58 10161 9806,16,7
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda76 17379 2842,64,1
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar6571870,2-97,3
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mai akkumulert. Prosentvis endring

Sjølv om skatteinnbetalingane til no i år er lågare enn dei var i den same perioden i fjor, var skatteinngangen i mai 2015 2,2 prosent høgare enn i mai 2014. Det er innbetalingar til folketrygda som auka mest med over 5 prosent jamført med mai 2014.

Innbetalingar til folketrygda største inntektskjelde

Av skatteinnbetalingane på 409 milliardar kroner hittil i år kom 34,5 prosent frå ordninga med folketrygda, medan annan skatt til staten eksklusiv oljeskatt utgjorde 34,4 prosent. Delen av skattane til kommunane/fylka var 20 prosent, medan oljeskattane hittil i år utgjer 11 prosent.

Det er fyrste gong innbetalingar til folketrygda har vore den største skattekjelda. Bidraga frå dei ulike skatteartane har endra seg mykje dei seinare åra. Til dømes har delen til folketrygda auka med 5 prosentpoeng på tre år, medan delen som oljeskatten utgjer, var over 20 prosent dei fyrste 5 månadene i 2013.

Ei årsak til endringane er at satsen for medlemskap til folketrygda har auka og satsen for fellesskatt til staten har blitt lågare.

Auke i skatteinnbetalingar frå personar

Innbetalingar frå personlege skatteytarar og arbeidsgjevaravgift auka frå 292 milliardar kroner dei fyrste fem månadene i fjor til 303 milliardar i den same perioden i år. Skatteinnbetalinga frå verksemder unntatt oljeskatt har på den andre sida minka, frå 64 milliardar kroner til under 60 milliardar. Også innbetalingane frå oljeskattane var på om lag 64 milliardar, men her har nivået hittil i år blitt redusert langt meir til berre 46 milliardar kroner.

Reduserte skatteinnbetalingar i Rogaland

Når det gjeld fylkesvise skattinnbetalingar, er det kraftigast auke i Troms, Finnmark og Nordland jamført med det tilsvarande tidsrommet i 2014. Rogaland er det einaste fylket med reduserte skatteinnbetalingar, medan Oslo og Hordaland har hatt ein marginal auke. Totalt er skatteinngangen til kommunane/fylka hittil i år om lag 2 prosent høgare enn i den same perioden i fjor. Dette utgjer den same prosentvise auken som frå 2013 til 2014.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 637 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB