221966
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
221966
Oljeskattane fortset å falle
statistikk
2015-05-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av april 2015 var det betalt inn 292 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapapril 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Oljeskattane fortset å falle

Frå januar til april i år blei det betalt inn 292 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 15 milliardar, eller 4,9 prosent, mindre enn i same periode i fjor. Det var i hovudsak låge innbetalingar av oljeskatt som førte til nedgangen.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
April 2014April 2015April 2014April 2015
I alt307 242292 333-3,1-4,9
Ordinær skatt til staten10 98010 708-1,2-2,5
Ordinær skatt på oljeutvinning24 23817 464-22,8-27,9
Særskatt på oljeutvinning39 15729 084-25,7-25,7
Fellesskatt til staten97 13993 8156,8-3,4
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)8 5378 8413,53,6
Ordinær skatt til primærkommunen39 92341 2542,43,3
Medlemsavgift til folketrygda35 22337 8056,17,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda51 64253 5222,53,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar404-158551,6-139,1
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-april akkumulert. Prosentvis endring

Til no i år er det betalt inn 17 milliardar kroner i ordinær oljeskatt og 29 milliardar i særskatt på oljeutvinning. Dette er høvesvis 7 og 10 milliardar kroner mindre enn på same tid i fjor. Innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom oljeskattane er også 4 milliardar kroner lågare enn ved utgangen av april 2014.

Innbetalingar frå personlege skattytarar var på til saman 190 milliardar kroner ved utgangen av april. Dette er ei auke på om lag 6 milliardar kroner, eller 3,5 prosent, frå i fjor.

Skatteinntektene til kommuneforvaltninga gikk opp frå 48,5 milliardar kroner ved slutten av april 2014 til 50 milliardar ved slutten av april 2015, noko som er ei auke på 3,4 prosent. Til statsforvaltninga gikk skatteinnbetalingane derimot ned frå 108 til 104,5 milliardar kroner i løpet av den same perioden og hadde dermed ein nedgang på 3,3 prosent frå i fjor.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 529 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB