208063
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
208063
Nedgang i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2015-04-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av mars 2015 var det betalt inn 239 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapmars 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i samla skatteinnbetalingar

Til no i år er det betalt inn 239 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 7 milliardar, eller 3 prosent, mindre enn i same periode i fjor. Mens nedgangen i oljeskattane held fram, bidreg auken i innbetalingar frå personlege skatteytarar til å dempe den samla nedgangen.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mars 2014Mars 2015Mars 2014Mars 2015
I alt246 180238 7382,8-3,0
Ordinær skatt til staten9 6128 8812,9-7,6
Ordinær skatt på oljeutvinning11 8128 658-11,0-26,7
Særskatt på oljeutvinning19 08014 428-14,4-24,4
Fellesskatt til staten72 40268 0018,5-6,1
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)8 2848 5784,03,5
Ordinær skatt til primærkommunen38 68539 9282,93,2
Medlemsavgift til folketrygda34 67137 1456,67,1
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda51 23853 1302,83,7
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar396-12661,5-103,0
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mars akkumulert. Prosentvis endring

Nedgangen i samla skatteinnbetalingar skyldast lågare innbetalingar frå upersonlege skattytarar. Oljeskattane, som berre betalast gjennom denne ordninga, har gått ned med 8 milliardar kroner sidan første kvartal i fjor. I tillegg har fellesskatt til staten frå upersonlege skattytarar gått ned med nærmare 6 milliardar kroner.

Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med om lag 6 milliardar kroner og bidreg dermed til å dempe nedgangen i samla innbetalingar. Til no i år har personlege skattytarar betalt inn 187 milliardar kroner. Av dette gjekk 50 milliardar til staten, 48 milliardar til kommuneforvaltninga og 90 milliardar til folketrygda. Auken fordeler seg jamt over desse skatteartane.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 366 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB