193311
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
193311
Fortsatt nedgang i oljeskattane
statistikk
2015-03-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. Ved utgangen av februar 2015 var det betalt inn 137 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapfebruar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt nedgang i oljeskattane

Ved utgangen av februar var det betalt inn 137 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er om lag 10 milliardar mindre enn ved utgangen av februar i fjor. Til no i år er det kome inn 23 milliardar i oljeskattar, 24,6 prosent mindre enn på same tid i 2014.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Februar 2014Februar 2015Februar 2014Februar 2015
I alt146 381136 6631,2-6,6
Ordinær skatt til staten5 1085 1020,8-0,1
Ordinær skatt på oljeutvinning11 8928 805-10,2-26,0
Særskatt på oljeutvinning19 21414 653-13,6-23,7
Fellesskatt til staten47 90643 23111,1-9,8
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 6033 7143,23,1
Ordinær skatt til primærkommunen17 01117 2682,81,5
Medlemsavgift til folketrygda14 42815 6192,48,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda27 00928 3040,84,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar211-33486,1-115,6
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-februar akkumulert. Prosentvis endring

Skatt frå upersonlege skattytarar utgjer det meste av skatten som er innbetalt i februar. Til no i år har upersonlege skattytarar betalt inn i overkant av 51 milliardar kroner. Av denne summen utgjer fellesskatt til staten 25 milliardar kroner og oljeskattane 23 milliardar kroner. Begge desse summane bidreg til nedgangen i samla skattar. Fellesskatten frå upersonlege skattytarar er redusert med 4 milliardar, og oljeskatten har vorte 8 milliardar kroner lågare enn ved utgangen av februar 2014.

Personlege skattytarar har betalt inn 85 milliardar kroner hittil i år. Dette er 2 milliardar kroner, eller 2,6 prosent, meir enn i den tilsvarande perioden i fjor.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. Til no i år utgjer desse refusjonane om lag 172 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB