193309
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
193309
Auke i skatteinnbetalingar i januar
statistikk
2015-02-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. I løpet av januar 2015 var det betalt inn 85,3 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapjanuar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalingar i januar

I januar i år blei det betalt inn 85,3 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er om lag 2,6 milliardar meir enn i januar 2014.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Januar 2014Januar 2015Januar 2014Januar 2015
I alt82 72385 2964,53,1
Ordinær skatt til staten3 3413 2236,0-3,5
Ordinær skatt på oljeutvinning202615741,7204,5
Særskatt på oljeutvinning3271 024717,5213,1
Fellesskatt til staten18 58217 2967,9-6,9
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 4153 5283,93,3
Ordinær skatt til primærkommunen16 03916 3163,51,7
Medlemsavgift til folketrygda14 12615 3073,18,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda26 60327 7631,74,4
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar86222196,6158,1
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar. Prosentvis endring

Skatter frå personlege skattytarar utgjorde det meste av innbetalingane i januar, med totalt 83,8 milliardar kroner. Av denne summen var 43,1 milliardar innbetalingar til folketrygda, 17,5 milliardar var fellesskatt til staten og 16,3 milliardar var kommuneskatt. Fylkesskatt og andre skattar til staten utgjorde om lag 3,5 milliardar kroner kvar. Innbetalingar frå personlege skattytarar har auka med 2,4 milliardar kroner, eller 2,9 prosent, frå januar i fjor.

Frå upersonlege skattytarar, medrekna oljeskatt, har det kome inn om lag 1,5 milliardar kroner i januar. Dette er 0,3 milliardar kroner meir enn i januar 2014.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er friteke frå skatt på utbytte og aksjegevinst. I januar utgjorde desse refusjonane om lag 30 millionar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB