193307_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
193307
Reduksjon i skatteinnbetalingane i 2014
statistikk
2015-01-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir en oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkeskommunene og kommunene. I løpet av 2014 ble det betalt inn 839,6 milliarder kroner i skatt.

Skatterekneskapdesember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i skatteinnbetalingane i 2014

I løpet av 2014 blei det betalt inn til saman 839,6 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er om lag 18,6 milliardar, eller 2,2 prosent, mindre enn i 2013. Årsaka til dei låge innbetalingane er ein reduksjon i oljeskatten.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Desember 2013Desember 2014Desember 2013Desember 2014
I alt858 235839 6021,0-2,2
Ordinær skatt til staten31 15231 2294,20,2
Ordinær skatt på oljeutvinning76 11864 212-11,3-15,6
Særskatt på oljeutvinning125 386105 837-12,2-15,6
Fellesskatt til staten210 198204 8234,5-2,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)26 95827 7585,63,0
Ordinær skatt til primærkommunen126 440128 9155,72,0
Medlemsavgift til folketrygda110 675118 8467,27,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda148 589154 3927,13,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 7193 590-0,732,0
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-desember akkumulert. Prosentvis endring

Sidan 2. kvartal 2014 har skatteinnbetalingane gått nedover samanlikna med året før. Hovudårsaka til dette er ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda, som samla gir ein negativ effekt på innbetalingane. Ordinær oljeskatt og særskatt på petroleumsinntekter utgjorde 170 milliardar kroner av skatteinnbetalingane i 2014. Dette er ein nedgang på 31,4 milliardar kroner, eller 15,6 prosent, jamført med 2013.

Auke i innbetalingane frå personlege skattytarar

Dei personlege skattytarane auka innbetalingane i 2014 med 2,5 prosent jamført med 2013. Til saman i 2014 har personlege skattytarar bidrege med 594,9 milliardar kroner, som er 14,5 milliardar meir enn året før. Upersonlege skattytarar, ikkje irekna oljeskattytarar, betalte inn 73,8 milliardar kroner i 2014, som er ein reduksjon på 2,5 prosent frå 2013.

Meir til kommuneforvaltninga

Skatteinnbetalingane til kommuneforvaltninga var på 156,7 milliardar kroner i 2014. Dette er 2,1 prosent meir enn i 2013. Av dette gjekk 129 milliardar til kommunane, medan 27,7 milliardar gjekk til fylkeskommunane. Til statsforvaltninga blei det betalt inn 236,1 milliardar kroner i skatt, som er ein nedgang på 2,2 prosent jamført med året før.