193305
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
193305
Fortsatt nedgang i skatteinnbetalingane
statistikk
2014-12-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken gir oversikt over innbetalt skatt til staten, fylkene og kommunene. Ved utgangen av november 2014 var det kommet inn 815,6 milliardar kroner i skatt.

Skatterekneskapnovember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fortsatt nedgang i skatteinnbetalingane

Ved utgangen av november i år var det betalt inn 815,6 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er om lag 21 milliardar, eller 2,5 prosent, mindre enn ved utgangen av november i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
November 2013November 2014November 2013November 2014
I alt836 305815 6123,4-2,5
Ordinær skatt til staten30 94330 9264,5-0,1
Ordinær skatt på oljeutvinning68 99456 788-4,1-17,7
Særskatt på oljeutvinning114 15593 364-4,5-18,2
Fellesskatt til staten208 965203 5074,6-2,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)26 78127 5575,72,9
Ordinær skatt til primærkommunen125 605127 9685,71,9
Medlemsavgift til folketrygda109 952118 0067,37,3
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda148 213153 9237,13,9
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 6973 573-0,932,5
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-november akkumulert. Prosentvis endring

Som i tidlegare månader i år har skattebetalingane gått nedover samanlikna med fjoråret. Hovudårsaka til dette er ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda, som samla gir ein negativ effekt på innbetalingane.

Auke i innbetalingane frå personlege skattytarar

Om vi ser på dei personlege skattytarane, har innbetalingane hittil i år auka med 2,4 prosent jamført med den same perioden i fjor. Til no i år har dei personlege skattytarane bidrege med 591,4 milliardar kroner, som er 14,1 milliardar meir enn på same tid i fjor. Upersonlege skattytarar utanom oljeskattane har betalt inn 73,4 milliardar kroner fram til utgangen av november. Det er ein reduksjon på 2,6 prosent frå i fjor.

Meir til kommuneforvaltninga, mindre til statsforvaltninga

I perioden januar-november har skatteinnbetalingane til kommuneforvaltninga vore på 155,5 milliardar kroner. Dette er 2,1 prosent meir enn i den same perioden i fjor. Av dette gjekk 128 milliardar til kommunane, medan 27,5 milliardar gjekk til fylka. Til statsforvaltninga har det blitt betalt inn 234,4 milliardar kroner i skatt, som er ein nedgang på 2,3 prosent jamført med det same tidsrommet i fjor.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB