167633
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
167633
Nedgangen i oljeskattane held fram
statistikk
2014-11-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgangen i oljeskattane held fram

Ved utgangen av oktober var det betalt inn 695,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein nedgang på knapt 23 milliardar jamført med utgangen av oktober 2013. Som i dei føregåande månadene har reduksjonen si årsak i låge innbetalingar av oljeskatt.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Oktober 2013Oktober 2014Oktober 2013Oktober 2014
I alt718 417695 3683,2-3,2
Ordinær skatt til staten25 00223 7585,3-5,0
Ordinær skatt på oljeutvinning68 64856 979-4,6-17,0
Særskatt på oljeutvinning113 74593 071-4,5-18,2
Fellesskatt til staten168 344164 9155,1-2,0
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)21 96422 6526,63,1
Ordinær skatt til primærkommunen103 492105 3377,01,8
Medlemsavgift til folketrygda89 86296 0605,46,9
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda124 689129 1217,53,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 6703 475-1,530,1
"Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-september akkumulert. Prosentvis endring

Ordinær oljeskatt og særskatt på petroleumsinntekter utgjorde 150 milliardar av skatteinnbetalingane fram til oktober 2014. Jamført med den same perioden i fjor er oljeskattane redusert med til saman 32 milliardar kroner, eller 17,7 prosent. Utanom oljeskattane har skatt frå upersonlege skatteytarar blitt redusert med 4,2 prosent.

Svak auke i skatteinnbetalingar utanom kontinentalsokkelen

Utanom kontinentalsokkelen har skatteinnbetalingane til no i år auka med 1,7 prosent jamført med det same tidsrommet i fjor. Personlege skattytarar har hittil i år betalt inn 487,5 milliardar kroner i skatt. Dette er 11,7 milliardar, eller 2,5 prosent, meir enn ved utgangen av oktober i fjor.

Av desse innbetalingane var 225 milliardar kroner innbetalingar til folketrygda, 133 milliardar var fellesskatt og formue- og inntektsskatt til staten, medan 104 milliardar var formue- og inntektsskatt til kommunane. I tillegg betalte personlege skattytarar 22 milliardar kroner i fylkesskatt, mens skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar kom på 3 milliardar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB