167631
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
167631
Framleis nedgang i skatteinnbetalingane
statistikk
2014-10-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false
Skatteregnskapet for september 2014 viser hvor mye skatt som blir innbetalt i Norge av personlige og upersonlige skatteytere, fordelt på art og kommune.

Skatterekneskapseptember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis nedgang i skatteinnbetalingane

Ved utgangen av september var det betalt inn 673 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 14 milliardar mindre enn ved utgangen av september 2013. Nedgangen kjem av låge innbetalingar av oljeskatt.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
September 2013September 2014September 2013September 2014
I alt687 016672 5384,1-2,1
Ordinær skatt til staten24 99023 8613,7-4,5
Ordinær skatt på oljeutvinning56 32146 540-0,5-17,4
Særskatt på oljeutvinning93 82975 6980,5-19,3
Fellesskatt til staten171 827171 9373,30,1
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)21 75522 4836,33,3
Ordinær skatt til primærkommunen102 525104 5746,72,0
Medlemsavgift til folketrygda88 90695 2765,17,2
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda124 195128 6957,63,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 6693 474-1,330,2
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-september akkumulert. Prosentvis endring

Fram til og med september i år har personlege skattytarar betalt inn 484 milliardar kroner. Dette er 12 milliardar, eller 2,6 prosent, meir enn i same perioden i fjor. Av desse innbetalingane var 224 milliardar kroner innbetalingar til folketrygda, 111 milliardar var fellesskatt til staten og 103 milliardar var formue- og inntektsskatt til kommunane. Personlege skattytarar betalte også 22 milliardar kroner i fylkesskatt og 20 milliardar kroner i formue- og inntektsskatt til staten.

Upersonlege skattytarar har betalt inn 188 milliardar kroner fram til og med september i år. Ordinær oljeskatt og særskatt på petroleumsinntekter utgjorde 122 milliardar av denne summen. Frå den same perioden i fjor er oljeskattane reduserte med til saman 28 milliardar kroner, eller 18,6 prosent. Utanom oljeskattane har skatt frå upersonlege skatteytarar auka med 1,3 prosent.

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB