167629
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
167629
Reduksjon i skatteinnbetalingane
statistikk
2014-09-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i skatteinnbetalingane

Hittil i år er det betalt inn 572,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Av dette utgjorde skatt frå personlege skattytarar 383,9 milliardar kroner og oljeskattane 122,1 milliardar. Totalt er dette 2,9 prosent lågare enn i den same perioden i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
August 2013August 2014August 2013August 2014
I alt589 728572 3883,9-2,9
Ordinær skatt til staten20 54219 5073,0-5,0
Ordinær skatt på oljeutvinning56 32546 502-0,6-17,4
Særskatt på oljeutvinning93 83375 6340,4-19,4
Fellesskatt til staten147 385148 1913,00,5
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)17 09217 6546,63,3
Ordinær skatt til primærkommunen80 59782 2167,02,0
Medlemsavgift til folketrygda69 64774 4085,16,8
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda101 657105 0277,83,3
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 6513 248-0,122,5
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-august

32,3 milliardar kroner blei betalte inn i skatt i august i år, av dette utgjorde oljeskattane den største posten med 27,5 milliardar. Hittil i år har oljeskattane blitt reduserte med 18,7 prosent i forhold til den same perioden i fjor. Dette er årsaka til nedgangen i dei totale skatteinnbetalingane.

Personlege skattytarar og upersonlege skattytarar utanom oljeskattane har hittil i år betalt inn 450,3 milliardar kroner. Dette gir ein auke på 2,4 prosent, eller 10,7 milliardar kroner, jamført med den same perioden i fjor. Samla innbetalingar til folketrygda utgjorde 179,4 milliardar kroner av dette, og det er ein auke på 4,7 prosent frå i fjor.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB