136542_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
136542
Fall i skatteinnbetalingane
statistikk
2014-06-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i skatteinnbetalingane

Frå januar til mai i år blei det betalt inn 421,5 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein reduksjon på 12,6 milliardar eller 2,9 prosent frå same tidsrom i fjor.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mai 2013Mai 2014Mai 2013Mai 2014
I alt434 148421 5456,4-2,9
Ordinær skatt til staten16 81815 9641,4-5,1
Ordinær skatt på oljeutvinning31 32624 68213,0-21,2
Særskatt på oljeutvinning52 60739 87515,8-24,2
Fellesskatt til staten126 839127 5681,50,6
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)13 48713 8667,02,8
Ordinær skatt til primærkommunen63 66864 6607,51,6
Medlemsavgift til folketrygda54 74058 1015,46,1
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda74 27776 1738,22,6
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar386657-44,170,2
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-mai

Skatteinnbetalingane hittil i år er lågare enn dei var i same periode i fjor. Nedgangen kjem stort sett av ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda. Det er særleg ein nedgang i innbetalingane i førre månad som har stor effekt på tala hittil i år.

Reduserte innbetalingar frå upersonlege skattytarar

I mai månad blei det isolert sett betalt inn 114,3 milliardar kroner i skatt. Innbetalinga er høg jamført med dei føregåande månadane i året, men det var likevel ein nedgang på 2,8 milliardar kroner samanlikna med mai 2013. Årsaka til nedgangen var reduserte innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom oljeskattane.

Dei største innbetalingane i mai 2014 kom frå personlege skattytarar med til saman 108,8 milliardar kroner. Av dette var 47,4 milliardar innbetalingar til folketrygda, 26,4 milliardar var fellesskatt til staten og 24,7 milliardar var kommuneskatt. Fylkesskatt og ordinær statsskatt frå personlege skattytarar utgjorde høvesvis 5,3 og 4,8 milliardar kroner. Upersonlege skattytarar utanom oljeskattane betalte inn 4,2 milliardar kroner i mai og det meste av dette var fellesskatt til staten.