136534
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
136534
Låg vekst i skatteinnbetalingane
statistikk
2014-01-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg vekst i skatteinnbetalingane

I 2013 mottok Noreg til saman 858,2 milliardar kroner i skatteinnbetalingar. Det er ein låg auke på 1,0 prosent, eller 8,6 milliardar kroner, jamført med 2012.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Desember 2012Desember 2013Desember 2012Desember 2013
I alt849 622858 2356,51,0
Ordinær skatt til staten29 89931 1521,04,2
Ordinær skatt på oljeutvinning85 80376 1189,7-11,3
Særskatt på oljeutvinning142 868125 38611,9-12,2
Fellesskatt til staten201 126210 1983,34,5
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)25 52026 9588,45,6
Ordinær skatt til primærkommunen119 658126 4406,95,7
Medlemsavgift til folketrygda103 216110 6753,37,2
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda138 793148 5896,77,1
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 7382 71926,6-0,7
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-desember

I desember 2013 blei det innbetalt 21,9 milliardar kroner i skatt, noko som var den lågaste innbetalinga dette året. Det meste av innbetalinga i desember kom frå oljeskattane.

Forventa reduksjon i oljeskattane

Ei av årsakene til den låge veksten i skatteinnbetalingane i 2013 er nedgangen i innbetalte oljeskattar. Det blei innbetalt 27,2 milliardar kroner mindre i oljeskattar i 2013 enn i 2012, ein reduksjon på 11,9 prosent. Noko av årsaka til den låge innbetalinga, spesielt i siste halvår av 2013, er ein reduksjon i terminskatten som er skriven ut for 2013, jamført med 2012.

Meir til kommuneforvaltninga og statsforvaltninga

Kommune- og statsforvaltninga utanom oljeskattane fikk høvesvis 153,4 milliardar og 241,4 milliardar kroner innbetalt i skatt i 2013, som er ein auke på høvesvis 5,7 og 4,5 prosent. For kommuneforvaltninga gjekk 27 milliardar kroner til fylkeskommunane og 126,4 milliardar kroner til kommunane.

Folketrygda, inkludert arbeidsgjevaravgifta, auka med 7,1 prosent

Det blei betalt inn 110,7 milliardar kroner i medlemsavgift til folketrygda i 2013, ein auke på 7,2 prosent, eller 7,5 milliardar kroner. Innbetalt arbeidsgjevaravgift i same periode var på 148,6 milliardar kroner, ein auke på 7,1 prosent, eller 9,8 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB