Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Moderat auke i skatteinnbetalingane
Hittil i år er det betalt inn 687 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 27,2 milliardar kroner, eller 4,1 prosent, meir enn i den tilsvarande perioden i fjor.
| Innbetalt og fordelt skatt hittil i år | Prosentvis endring fra fjoråret | |||
|---|---|---|---|---|
| September 2012 | September 2013 | September 2012 | September 2013 | |
| I alt | 659 795 | 687 016 | 8,5 | 4,1 | 
| Ordinær skatt til staten | 24 106 | 24 990 | 28,1 | 3,7 | 
| Ordinær skatt på oljeutvinning | 56 632 | 56 321 | 16,0 | -0,5 | 
| Særskatt på oljeutvinning | 93 404 | 93 829 | 16,7 | 0,5 | 
| Fellesskatt til staten | 166 288 | 171 827 | 3,1 | 3,3 | 
| Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo) | 20 475 | 21 755 | 7,4 | 6,3 | 
| Ordinær skatt til primærkommunen | 96 114 | 102 525 | 6,5 | 6,7 | 
| Medlemsavgift til folketrygda | 84 603 | 88 906 | 6,7 | 5,1 | 
| Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda | 115 469 | 124 195 | 6,4 | 7,6 | 
| Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar | 2 705 | 2 669 | 32,5 | -1,3 | 

Personlege skattytarar har betalt inn 471,6 milliardar kroner så langt i år, medan det er betalt inn 150,2 milliardar kroner i oljeskattar i den same perioden.
Størstedelen av innbetalingane i september kom frå personlege skatteytarar som betalte inn 97,2 milliardar kroner. Av dette utgjorde innbetalingane til folketrygda, inklusive arbeidsgjevaravgifta, 41,8 milliardar kroner.
Frå januar til september i år har folketrygda teke imot vel 213 milliardar kroner, 6,5 prosent meir enn i den same perioden i fjor. Av dette utgjorde arbeidsgjevaravgifta 124,2 milliardar kroner, medan 88,9 milliardar var medlemspremiar til folketrygda.
Kontakt
- 
         
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
 - 
         
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71