92897
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
92897
Skatteauken held fram
statistikk
2013-04-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterOffentlig sektor, Skatteregnskap, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteauken held fram

Om lag 95 milliardar kroner blei betalt inn i skattar i mars månad. Dette er 5,1 prosent meir enn i mars i fjor. Ved utgangen av mars var det betalt inn 239,6 milliardar kroner i skattar til stats- og kommuneforvaltninga.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mars 2012Mars 2013Mars 2012Mars 2013
I alt231 867239 5909,43,3
Ordinær skatt til staten9 2279 34031,61,2
Ordinær skatt på oljeutvinning14 15413 27228,6-6,2
Særskatt på oljeutvinning23 19622 29228,5-3,9
Fellesskatt til staten65 26066 7164,42,2
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)7 4767 9665,86,6
Ordinær skatt til primærkommunen35 02537 5812,57,3
Medlemsavgift til folketrygda30 98432 5357,55,0
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda45 96249 8346,88,4
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar58252158,7-91,1
katteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2011 til 2012 og frå 2012 til 2013

Ved utgangen av mars hadde det kome inn 7,7 milliardar kroner meir i skatteinnbetalingar enn i fjor, totalt 239,6 millardar kroner. Dette er ein auke på 3,3 prosent. Dei personlege skattytarane auka sine skatteinnbetalingar med 6,5 prosent frå i fjor. Totalt har desse bidrege med 175,7 milliardar kroner til dei ulike skattekreditorane. Dei upersonlege skattytarane har bidrege med 63,7 milliardar kroner hittil i år, ein nedgang på 4,5 prosent frå 2012. Utbytte til utanlandske aksjonærar er i år knapt 9 prosent av det dei var i mars 2012.

7,2 prosent meir til kommuneforvaltninga

Kommuneforvaltningas del av inntekts- og formuesskatten er på 45,5 milliardar kroner hittil i år. Dette er 7,2 prosent, eller 3 milliardar kroner, meir enn i fjor. 37,6 milliardar kroner går til kommunane og 8 milliardar kroner går til fylka. Skatteinnbetalingane til kommunane og fylka voks med høvesvis 7,3 prosent og 6,5 prosent. Staten har motteke 76,1 milliardar kroner hittil i år. Dette er berre 2,1 prosent meir enn på same tid i fjor.

7 prosent meir til folketrygda

Folketrygda hadde ved utgangen av mars motteke 82,4 milliardar kroner. Dette kjem frå arbeidsgjevaravgift og medlemspremiar til folketrygda. 49,8 milliardar kroner kjem i form av arbeidsgjevaravgift. Dette er 8,4 prosent meir enn i fjor. Medlemspremiar til folketrygda voks med 5 prosent frå i fjor, til 32,5 milliardar kroner.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB