23735
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23735
Litt høgare skatteinnbetaling
statistikk
2011-01-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Litt høgare skatteinnbetaling

I løpet av 2010 ble det betalt inn 705 milliardar kroner i skatt. Dette beløpet er 1,6 prosent høgare enn den samla skattebetalinga året før. Innbetalingane er likevel lågare enn dei var i 2008, og det er skattebetaling knytt til oljeverksemda som er lågare.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember 2008-2009 og 2009-2010

Det er ein auke i innbetalingane for desember som gjer at dei totale innbetalingane i 2010 ble høgare enn innbetalingane i 2009. Fram til oktober 2010 var samla innbetalingar lågare enn dei var året før. I oktober hadde dei samla innbetalingane for 2010 nådd same nivå som i 2009.

Høge oljeskattar i desember

Den største komponenten av skattar i desember var oljeskattane. Denne månaden kom det inn til saman 29 milliardar kroner i særskatt og ordinær skatt på oljeutvinning. Dette er 10 milliardar meir enn i desember 2009. Innbetalingane for heile året var likevel om lag 10 milliardar kroner, eller 5,8 prosent, lågare enn året før. Samanlikna med 2008 er det ein reduksjon på om lag 85 milliardar kroner.

Høgare samla innbetalingar utanom olje

Personlege skattytarar betalte inn til saman 479 milliardar kroner i 2010, mot 464 milliardar i 2009. For upersonlege skattytarar utanom oljeskattane var summen av innbetalingar i 2010 71 milliardar kroner, noko som er 5 milliardar, eller 8,3 prosent, høgare enn i 2009.

Ni milliardar meir til kommunane

I 2010 blei det betalt inn til saman 138,2 milliardar kroner i skatt til kommuneforvaltninga. I nasjonalbudsjettet for 2010 blei denne størrelsen anslått til 137,4 milliardar kroner. Samla innbetalingar i 2010 var om lag 9 milliardar høgare enn i 2009 og 15 milliardar høgare enn i 2008. Innbetalingane i desember betyr lite for den totale summen i eit år, ettersom det ikkje er noko hovudforfall for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift denne månaden.

Svak auke i innbetalingar til folketrygda

Innbetalingar til folketrygda auka med 1,5 prosent frå 2009 og enda på 213 milliardar kroner ved utgangen av året. Av desse innbetalingane var 123 milliardar kroner betalt i arbeidsgjevaravgift og 90 milliardar betalt som medlemsavgift til folketrygda. Dette gjev ei auke på høvesvis 1,7 og 1,3 prosent frå 2009. Her er heller ikkje innbetalingar i desember av stor betyding.

Liten auke i innbetalingar til staten

Det blei betalt til saman 196 milliardar kroner i skatt til statsforvaltninga i 2010. Dette er ei auke på 8 milliardar, eller 4,5 prosent, frå 2009. Summen for heile året er også litt større enn han var i 2008.

For desember 2009 blei det registrert 11 millionar for mykje i oljeskatt og 17 millionar for mykje i særskatt for petroleumsutvinning. Desse tala blei korrigerte 01.02.2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB