Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Skattevekst på 17,2 prosent
I perioden januar til februar i 2008 vart det betalt inn til saman dryge 87 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 12,8 milliardar kroner eller 17,2 prosent, jamførd med same periode i 2007.
Til kommuneforvaltninga totalt vart det betalt inn 16,7 milliardar kroner, ein auke på 415 millionar, eller 2,5 prosent, jamførd med same periode i fjor. Av dette vart 13,9 milliardar betalt inn til primærkommunane, medan 2,8 milliardar vart betalt inn i fylkesskatt.
Til folketrygda totalt vart det betalt inn 31 milliardar kroner, ein auke på nesten 2,5 milliardar, eller 8,7 prosent, jamførd med same periode i 2007. Arbeidsgjevaravgifta utgjorde 20,8 milliardar medan medlemsavgifta til folketrygda utgjorde 10,2 milliardar, ein auke på høvesvis 9,8 og 6,6 prosent.
|
Denne publiseringa inneheld tal for skatterekneskapen både for januar og januar til februar. Tabell 1-3 gjeld januar, medan tabell 4-6 gjeld januar-februar. Publiseringa av januartala vart utsett på grunn av forseinking i leveringa av underlagsmaterialet. SSB gjer merksam på at det vil kunne vere einskilde mindre feil i endringstala for nokre kommunar mellom perioden januar-februar 2007 og dei tilsvarande periodane i 2006 og 2008. Årsaka til dette er feil i rapporteringa frå Skattedirektoratet til SSB frå og med februar 2007. Ei liste over kommunane dette gjeld, finst på lenkja: http://www.ssb.no/vis/skatteregn/art-2008-02-18-02.html |
Tabeller:
- Tabell 1 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar 2006, 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 2 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 3 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar 2008. Millionar kroner
- Tabell 4 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt, etter ordning og art. Januar-februar. 2006, 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 5 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-februar. 2007 og 2008. Millionar kroner
- Tabell 6 Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Januar-februar 2008. Millionar kroner
Kontakt
-
June Solås
E-post: june.solas@ssb.no
tlf.: 98 87 46 76
-
Bjørn Gran-Henriksen
E-post: bjorn.gran-henriksen@ssb.no
tlf.: 41 40 20 71