23607_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23607
4,1 prosent auke i skatteinngangen hittil i år
statistikk
2004-10-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

4,1 prosent auke i skatteinngangen hittil i år

Frå januar til og med september 2004 er det betalt inn til saman 334,3 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 13,3 milliardar, eller 4,1 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Tala omfattar ikkje oljeskattar som er innbetalt i september, men oljeskattane innbetalast hovudsakleg i april og oktober månad. I 2002 og 2003 vart det i september månad innbetalt høvesvis 0,3 og 0,2 milliardar i oljeskatt. Det manglande beløpet for september 2004 har difor truleg liten innverknad på fordelte skattar i alt. Oljeskattar betalt inn til og med august er med, til saman 50,0 milliardar kroner.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Skatteinngang januar-september, etter skatteordning. 2003 og 2004. Millionar kroner

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer til saman 118,0 milliardar kroner til og med september 2004. Dette er ein vekst på 4,8 milliardar kroner, eller 4,3 prosent, samanlikna med 2003. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 77,6 milliardar kroner. Dette er 3,6 prosent høgare enn same periode i fjor. Formue- og inntektsskatt til primærkommunane hadde ein auke på 3,4 milliardar eller 5,5 prosent frå 2003 til 2004.

Størst auke i Troms

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms har hatt den største auken hittil i år, med ein auke på 7,5 prosent. Hordaland har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 0,9 prosent frå 2003 til 2004.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: