23609_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23609
Skatteinngangen auka med 4,5 prosent
statistikk
2004-09-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinngangen auka med 4,5 prosent

Frå januar til og med august 2004 er det betalt inn til saman 280,7 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 12,0 milliardar, eller 4,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer til saman 95,2 milliardar kroner til og med august 2004. Dette er ein vekst på 4,0 milliardar kroner, eller 4,3 prosent, samanlikna med 2003. For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 61,4 milliardar kroner. Dette er 4,3 prosent høgare enn same periode i fjor.

Skatteinngang januar-august 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-august frå 2002 til 2003 og frå 2003 og 2004

Størst auke i Troms

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms har hatt den største auken hittil i år, med ein auke på 8,0 prosent. Hordaland har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 1,4 prosent frå 2003 til 2004.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: