23615_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23615
Moderat auke i skatteinngangen
statistikk
2004-06-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat auke i skatteinngangen

Frå januar til og med mai 2004 er det til saman innbetalt 231,7 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,4 milliardar, eller 3,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

Skatteinngang januar-mai 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 48,8 milliardar kroner. Dette er 3,5 prosent høgare enn same periode i fjor. Det er betalt inn 40,7 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 4,3 prosent frå i fjor. Fylka hadde ein svak nedgang i skatteinngangen samanlikna med i fjor. Med ein reduksjon på 0,3 prosent, har dei hittil i år fått innbetalt 8,0 milliardar kroner.

Det er betalt inn 71,6 milliardar kroner i arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda i perioden januar til og med mai 2004. Dette er 3,2 prosent meir enn i 2003.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Troms har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 6,2 prosent. Hordaland og Møre og Romsdal var dei einaste fylka med ein reduksjon i samla skatteinngang, med ein nedgang på høvesvis 3,7 og 0,9 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: