23617_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23617
Auke i skatteinngangen hittil i år
statistikk
2004-05-14T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinngangen hittil i år

Frå januar til og med april i år er det til saman betalt inn 175,1 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 8,5 milliardar kroner, eller 5,1 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngang januar-april 2003 og 2004, etter skatteordning. Millionar kroner

Hittil i år er det innbetalt 50,2 milliardar kroner i oljeskattar. Det er ein auke på 8,4 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 46,3 milliardar kroner.

Til kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 31,6 milliardar kroner i skatt. Dette er 1,9 milliardar, eller 6,4 prosent, høgare enn i same periode i fjor. Det er innbetalt 48,0 milliardar kroner i arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda i perioden januar til og med april 2004. Dette er 3,7 prosent meir enn i 2003.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka, bortsett frå Møre og Romsdal, har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i fjor. Størst auke hadde Nord-Trøndelag, der skatteinnbetalingane auka med 7,1 prosent. Deretter følgjer Oslo og Troms med høvesvis 6,9 og 6,7 prosent. Møre og Romsdal hadde ein nedgang i skatteinngangen på 1,4 prosent.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2002 til 2003 og frå 2003 til 2004

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: