23627_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23627
Auka skatteinngang på 3,8 prosent
statistikk
2003-12-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinngang på 3,8 prosent

Skatteinngangen frå januar til og med november 2003 er på til saman 439,2 milliardar kroner. Dette er ein auke på 16,1 milliardar, eller 3,8 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Fellesskatten til statsforvaltninga har til og med november hatt ein reduksjon frå 101,7 milliardar kroner i fjor til 98,5 milliardar i år. Dette er ein nedgang på 3,1 prosent. Til kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 91,8 milliardar kroner i skatt. Dette er 5,9 milliardar, eller 6,9 prosent, høgare enn i same periode i fjor. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 138,7 milliardar kroner til og med november 2003. Dette er ein vekst på 7,4 milliardar kroner, eller 5,7 prosent, samanlikna med 2002.

Skatteinngang januar-november 2002 og 2003, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

Størst auke i Vest-Agder

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vest-Agder har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 9,5 prosent. Stor skatteauke hadde også Hordaland og Sør-Trøndelag, med 7,4 prosent. Vestfold har som einaste fylke, hatt ein reduksjon i samla skatteinngang; ein nedgang på 1,8 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: