23637_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23637
Skatteinntektene auka med 3,3 prosent
statistikk
2003-07-11T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 3,3 prosent

Frå januar til og med juni 2003 er det til saman betalt inn 225 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,2 milliardar kroner, eller 3,3 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni fra 2001 til 2002 og 2002 til 2003

Skatteinngang januar-juni 2002 og 2003, etter skatteordning. Millioner kroner

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 47,3 milliardar kroner. Dette er 2,5 prosent høgare enn same periode i fjor. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda utgjer 69,8 milliardar kroner i første halvår 2003. Dette er ein vekst på 4 milliardar kroner, eller 6,1 prosent, samanlikna med 2002.

Størst auke i Hordaland - nedgang i Oslo

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på meir enn 11 prosent. Oslo har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 3,6 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: