23639_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23639
Skattevekst på 3,5 prosent
statistikk
2003-06-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattevekst på 3,5 prosent

Frå januar til og med mai 2003 er det til saman betalt inn 224,3 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 7,5 milliardar kroner, eller 3,5 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Det er betalt inn 69,4 milliardar kroner i arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til Folketrygda i perioden januar til og med mai 2003. Dette er 6,5 prosent meir enn i 2002.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 47,1 milliardar kroner. Dette er 2,7 prosent høgare enn same periode i fjor. Det er innbetalt 39,0 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 2,7 milliardar, eller 7,5 prosent, samanlikna med same periode i 2002.

Skatteinngang januar-mai 2002 og 2003, etter skatteordning. Millioner kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai fra 2001 til 2002 og 2002 til 2003

Størst auke i Hordaland

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på 13,1 prosent, medan Vest-Agder, Telemark og Akershus hadde ein auke på meir enn 7 prosent. Oslo var det einaste fylket med reduksjon i samla skatteinngang frå mai 2002 til mai 2003, med ein nedgang på 5,5 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/ .

Tabeller: