23641_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23641
Skattevekst på 2,2 prosent
statistikk
2003-05-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattevekst på 2,2 prosent

Frå januar til og med april 2003 er det til saman betalt inn 166,6 milliardar kroner skatt. Dette er ein auke på 3,5 milliardar kroner, eller 2,2 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

Skatteinngang januar-april 2002 og 2003, etter skatteordning. Millionar kroner

Hittil i år er det innbetalt 46,3 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein auke på 2,9 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 45 milliardar kroner. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda utgjer 46,3 milliardar kroner i dei fire første månadene i 2003. Dette er ein vekst på 6,7 prosent samanlikna med 2002.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt nærare 29,7 milliardar kroner. Dette er 3,5 prosent lågare enn same periode i fjor. Det er innbetalt 24,8 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til kommunane, som er ein auke på 1,4 milliardar, eller 6,2 prosent, samanlikna med same periode i 2002.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Akershus, Vest-Agder og Hordaland har hatt den største auken hittil i år med ein auke på meir enn 7 prosent. Oslo har hatt ein reduksjon i samla skatteinngang på 7,5 prosent frå 2002 til 2003.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: