23643_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23643
5,5 prosent auke i skatteinngangen
statistikk
2003-04-11T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

5,5 prosent auke i skatteinngangen

Frå januar til og med mars 2003 er det innbetalt til saman 107,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 5,6 milliardar kroner, eller 5,5 prosent, frå same periode i 2002.

Skatteinngangen januar-mars 2002 og 2003, etter skatteordning

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2001 til 2002 og frå 2002 til 2003

Det er betalt inn 23 milliardar kroner i skatt på inntekt og formue til kommunane hittil i 2003. Dette er ein auke på 1,8 milliardar, eller 8,7 prosent, samanlikna med 2002. Samtidig har fylkesskatten hatt ein reduksjon på 1,9 milliardar. Det er innbetalt 44,9 milliardar kroner i medlemspremie og arbeidsgjevaravgift til folketrygda i perioden januar til og med mars 2003. Dette er 7,8 prosent meir enn i 2002.

Auke i fylkesvise skattetal

Fylkesfordelte tal syner at alle fylka har hatt ein auke i skatteinngangen samanlikna med same periode i 2002. Størst auke hadde Akershus, der skatteinnbetalingane auka med 11,3 prosent. Deretter følgjer Vest-Agder med 8,7 prosent. Med 0,3 prosent auke har Oslo hatt den lågaste skatteauken.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: