23651_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23651
Reduksjon i skatteinngangen
statistikk
2002-12-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i skatteinngangen

Frå januar til og med november 2002 er det til saman innbetalt 423,1 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 5,8 milliardar kroner, eller 1,4 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Det er særleg lågare oljeskattar som medverkar til reduksjonen i den totale skatteinngangen.

Skatteinngangen januar-november 2001 og 2002, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 2000 til 2001 og frå 2001 til 2002

Samla innbetaling frå ordinær skatt og særskatt på olje er så langt i år på 86,3 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 15,2 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 101,8 milliardar kroner. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 3 prosent.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 85,9 milliardar kroner i skatt. Dette er 16,4 prosent lågare enn i same periode i fjor. Nedgangen har mellom anna si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på 57 prosent i forhold til same periode i fjor. Skatteinntektene til kommunane har auka med 4,5 prosent i perioden januar-november 2002, noko som er 1,2 prosentpoeng lågare enn veksten for perioden januar-oktober.

Størst auke i Vestfold

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vestfold har hatt den største auken samanlikna med tilsvarande periode i 2001, med ein vekst på 7,1 prosent. Oslo har fått redusert skatteinngangen med 2,2 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: