23653_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23653
Reduksjon i skatteinngangen
statistikk
2002-11-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i skatteinngangen

Frå januar til og med oktober 2002 er det til saman innbetalt 355 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 7,6 milliardar kroner, eller 2,1 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2000 til 2001 og frå 2001 til 2002

Skatteinngangen januar-oktober 2001 og 2002, etter skatteordning

Det er særleg lågare oljeskattar som medverkar til reduksjonen i den totale skatteinngangen. Innbetalte skattar frå kontinentalsokkelen er hittil i år 86,2 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 13,6 prosent frå same periode i fjor, då det blei innbetalt 99,8 milliardar kroner. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,3 prosent.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år innbetalt 72 milliardar kroner i skatt. Dette er 14,5 prosent, eller 12,2 milliardar kroner, lågare enn i same periode i fjor. Nedgangen har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002. Fylkesskatten har hatt ein nedgang på meir enn 50 prosent i forhold til same periode i fjor. Skatteinntektene til kommunane har auka med 5,7 prosent i perioden januar-oktober 2002, noko som er 0,4 prosentpoeng lågare enn veksten for perioden januar-september.

Størst auke i Vestfold

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Vestfold har hatt den største auken samanlikna med tilsvarande periode i 2001, med ein vekst på 6,8 prosent. Østfold og Oslo har fått redusert skatteinngangen samanlikna med tilsvarande periode i fjor med høvesvis 0,1 og 2,9 prosent.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: