23661_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23661
Låg skattevekst
statistikk
2002-07-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg skattevekst

Frå januar til og med juni 2002 er det innbetalt 218,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på vel 2 milliardar kroner, eller 0,8 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngang januar-juni 2001 og 2002, etter skatteordning. Millionar kroner

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2000 til 2001 og frå 2001 til 2002

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn 46,1 milliardar kroner i skatt, noko som er 11 prosent lågare i forhold til same periode i 2001. Dette har si årsak i at sjukehusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002, noko som har redusert fylkesskatten med 45,4 prosent. Fellesskatten til staten har hatt ein auke på 14,5 prosent samanlikna med januar-juni 2001.

Hittil i år er det betalt inn 45 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er ein nedgang på 4,4 prosent frå same periode i fjor. Dersom vi ser bort ifrå oljeskattane, har Fastlands-Noreg hatt ein skatteauke på 2,3 prosent.

Størst auke i Vestfold

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Oslo og Østfold er dei einaste fylka med redusert skatteinngang samanlikna med same periode i fjor. Alle dei andre fylka har hatt ein skatteauke i forhold til januar-juni 2001. Størst auke har vi hatt i Vestfold, der skatteinnbetalingane har hatt ein vekst på 8,4 prosent, og dernest Hedmark med ein vekst på 7 prosent. Nord-Trøndelag er det einaste fylke som har opplevd høgare vekst frå 2001 til 2002, enn frå 2000 til 2001.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst i statistikken over folkemengde .

Tabeller: