23663_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23663
Lågare veksttakt i skatteinngangen
statistikk
2002-06-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare veksttakt i skatteinngangen

Frå januar til og med mai 2002 er det betalt inn om lag 217 milliardar kroner i skatt. Det er ein auke på 2 milliardar kroner, eller 0,9 prosent, samanlikna med same periode i fjor. Den låge auken kjem av at oljeskattane for mai månad ikkje er medrekna. Ser ein bort ifrå oljeskattane, er skatteauken for Fastlands-Noreg på 2,4 prosent.

For kommuneforvaltninga samla er det hittil i år betalt inn om lag 45,9 milliardar kroner i skatt, og dette er 10,8 prosent lågare enn same periode i 2001. Dette har si årsak i at sjukhusa blei flytta over frå fylkeskommunane til staten 1. januar 2002, noko som har redusert fylkesskatten med 45 prosent. Fellesskatten til staten har hatt ein auke på 14,5 prosent samanlikna med januar-mai 2001. Det er innbetalt 36,3 milliardar kroner i inntekts- og formuesskatt til primærkommunane. Dette er ein vekst på 7 prosent frå tilsvarande periode i 2001.

Skatteinngangen januar-mai 2001 og 2002 etter skatteordning

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2000 til 2001 og frå 2001 til 2002

Fylkesvise skattetal

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at Østfold og Oslo er dei einaste fylka med redusert skatteinngang samanlikna med same periode i fjor. Oslo har hatt ein nedgang på 1,8 prosent, medan Østfold har hatt ein nedgang på 1,2 prosent. Alle dei andre fylka har hatt ein skatteauke frå januar-mai 2001. Størst auke har vi hatt i Vestfold, der skatteinnbetalingane har hatt ein vekst på 6,9 prosent. Nord-Trøndelag er det einaste fylke som har opplevd høgare vekst frå 2001 til 2002, enn frå 2000 til 2001.

I samband med løpande inntektsutjamning som blei innført frå og med januar 2000, vil innbetalt og fordelt skatt kvar månad inngå i grunnlaget for utrekning av rammeoverføringane til kommunane. Informasjon om befolkningstala for dei ulike kommunane per 1. januar finst på lenka http://www.ssb.no/folkemengde/

Tabeller: