Meir enn dobla medlemstal i den romersk-katolske kyrkja på ti år

Publisert:

Den romersk-katolske kyrkja har gått frå 67 000 til 165 000 medlemmer i Noreg sidan 2010. Dette gjer kyrkja til det største kristne samfunnet i Noreg utanfor Den norske kyrkja.

Statistikken over trussamfunn visar at, av dei som er medlemmer i ein kristen organisasjon utanfor Den norske kyrkja (Dnk), så utgjer dei romersk-katolske 44 prosent, med 165 000 av totalt 373 000 medlemmer.

Figur 1. Medlemmer i kristne trussamfunn som har motteke offentleg stønad og som er utanfor Den norske Kyrkja.

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Den romersk-katolske kyrkja 66972 83018 102286 121130 140109 95655 144856 152022 157220 160884 165254
Pinsemenigheiter 39923 39599 39108 39412 39398 39149 39431 39263 40056 40632 40725
Den ortodokse kyrkja 8492 9894 11205 12959 14765 17476 20202 21993 25843 27034 28544
Den Evangelisk Lutherske frikyrkja i Noreg 19503 19614 19507 19552 19557 19499 18908 19469 19215 19500 19313
Andre kristne kyrkjesamfunn 110774 114709 116912 119872 123487 124742 125686 106745 112736 117801 118815

Auken i den romersk-katolske kyrkja har tidlegare blitt forklart av innvandring frå hovudsakleg Polen i artikkelen «Norge – et sekulært samfunn?» frå 2014. Etter 2014 ser vi framleis ein auke i medlemstalet til kyrkjesamfunnet, men med noko slakare stigning enn tidlegare. Den midlertidige nedgangen i 2015 skuldast hovudsakleg korrigeringar av medlemstal. Det er naturleg å anta at innvandring framleis er ein av hovudårsakene bak endringane i tala.

Einast den ortodokse kyrkja har opplevd større vekst med 235 prosent auke frå 8 500 medlemmer i 2010 til 28 500 i 2020.

Dnk mister medlemmer mens dei andre kyrkjesamfunna samla, aukar

Det totale talet av medlemmer i kristne organisasjonar utanfor Den norske kyrkje har auka med 52 prosent sidan 2010, frå 246 000 medlemmer til 373 000 i 2020. Auken er ei fortsetjing på ein langsiktig trend, men har avteke noko dei siste åra. Til skilnad frå tal på medlemmer i Den norske kyrkje som har vorte redusert med 4 prosent frå 2009 til 2019.

Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk

Det totale talet medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, har auke frå 450 000 i 2010 til 697 000 i 2020, som tilsvara 55 prosent auke. I same periode auka befolkninga i Noreg med 10 prosent ifølge SSBs befolkningsstatistikk. Frå 2019 til 2020 er dei tilsvarande tala ein auke i registrerte medlemmer på 3 prosent (678 400 til 697 300), med ein auke av den generelle befolkninga på under 1 prosent.

1 Annan religion omfattar bahài, hinduisme, jødedom, sikhisme og andre trusretningar.

Figur 2. Talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn

2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020
Kristendom 245664 266834 289018 312925 337316 296521 349083 339492 355070 365851 372651
Islam 98953 106735 112236 120882 132135 141027 148189 153067 166861 175507 182826
Livssyn 82890 84481 84722 86061 86444 88216 89758 92919 95030 96276 99468
Buddhisme 13376 14580 15426 16001 17087 17977 18817 17351 20077 21044 21555
Annan religion¹ 8992 11904 9282 13531 14304 15236 16195 16393 18198 19755 20757

Dei største trus- og livssynssamfunna er kristendom (utanfor Den norske kyrkje), islam og livssyn, med høvesvis 373 000, 183 000 og 99 000 medlemmer. Frå 2010 har disse tre opplevd ein auke i medlemstal på 52, 85 og 20 prosent.

Tal frå 2020 visar at Human-Etisk forbund er det klart største livssynssamfunnet med 93 000 medlemmer, mens dei resterande livssynssamfunna har til saman 6 000 medlemmer.

Faktaside

Kontakt