57 prosent fleire i trus- og livssynssamfunn utanfor Kyrkja på ti år

Publisert:

Dei siste ti åra har talet på medlemmer utanfor Den norske kyrkja gått frå 431 000 til 678 000, ein auke på 57 prosent.

Talet på medlemmer i 2019 var på over 678 000, viser statistikken over trussamfunn, medan det i 2009 var om lag 431 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja. 

Frå 2018 til 2019 har talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med nesten 4 prosent. 

1 Annan religion omfattar bahài, hinduisme, jødedom, sikhisme og andre trusretningar.

Figur 1. Talet på medlemmar i trus- og livssynsamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Livssyn 77271 79722 80659 81124 82890 84481 84722 86061 86444 88216 89758 92919 95030 96276
Annan religion¹ 8141 8859 9440 10395 8992 11904 9282 13531 14304 15236 16195 16393 18198 19755
Kristendom 216141 225507 226969 234772 245664 266834 289018 312925 337316 296521 349083 339492 355070 365851
Islam 72023 79068 83684 92744 98953 106735 112236 120882 132135 141027 148189 153067 166861 175507
Buddhisme 9934 10753 11038 12252 13376 14580 15426 16001 17087 17977 18817 17351 20077 21044

Av trus- og livssynssamfunna var om lag 54 prosent medlem av eit kristent samfunn, nær 26 prosent i eit muslimsk samfunn og om lag 14 prosent var medlem i eit livssynssamfunn.

Av dei drygt 96 000 registrerte medlemmene i livssynssamfunn sto Human-Etisk forbund for 91 300. 

Talet på medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja aukar

Talet på medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med 3 prosent frå 2018 til 2019. Denne auken er ei fortsetting av ein tydeleg langsiktig trend. Frå 2009 til 2019 har medlemstala auka med 56 prosent. I 2019 er det nesten 366 000 medlemmer i dei kristne trussamfunna.

I motsetnad til det aukande talet medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, viser tala over medlemmer i Den norske kyrkja ein svak, men jamt minkande trend. 

Figur 2. Medlem i kristne trussamfunn som har motteke offentleg stønad og som er utanfor Den norske Kyrkja. 2019

2019
Den romersk-katolske kyrkja 160884
Pinsemenigheiter 40632
Andre trussamfunn 27172
Den ortodokse kyrkja 27034
Den Evangelisk Lutherske frikyrkja i Noreg 19500
Jehovas vitner 12680
Svenska Margaretaförsamlingen 13264
Det norske misjonsforbund 11087
Det norske baptistsamfunn 10731
Metodistkyrkja i Noreg 10190
Den kristelige menighet 8513
Adventistsamfunnet 4634
Dei frie evangeliske forsamlingar 3183
Det Evangelisk-Lutherske kyrkjesamfunn 3151
Kristne senter 2924
Den islandske Evangeliske Lutherske menighet i Noreg 5619
Kristensamfunnet 2455
Den Finlandska evangelisk-Lutherska församling 2198

Av dei kristne samfunna utanfor Den norske kyrkja er det Den romersk-katolske kyrkja som er størst med nesten 161 000 medlemmer i 2019. Det nest største kristne trussamfunnet er Pinsemenigheiter med om lag 41 000 medlemmer. Det minste kristne trussamfunnet er Den finlandska evangelisk-lutherska församling med om lag 2 200 medlemmer.

Faktaside

Kontakt