92438_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordhus/aar
92438
Under 30 000 husdyrprodusentar
statistikk
2013-04-11T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jordhus, Husdyrhald, gardsbruk, storfe, mjølkekyr, svin, sau, verpehøner, buskapsstorleikJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Husdyrhald1. januar 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Under 30 000 husdyrprodusentar

29 700 husdyrbrukarar søkte om produksjonstilskott per 1. januar 2013. Dette er 700 færre enn året før, og svarar til ein nedgang på 2,2 prosent.

Husdyrhald per 1. januar
2013Prosent endring fra
2012 - 20132004 - 2013
Mjølkeku238 7020,5-14,8
Ammeku67 3302,639,2
Vinterfôra sau1 037 065-0,4-6,7
Mjølkegeit33 037-3,2-28,6
Alssvin97 621-0,1-1,7
Verpehøner4 123 6154,921,6
Slaktekylling62 746 9242,170,9

Frå 2012 til 2013 var det størst prosentvis nedgang i talet på jordbruksbedrifter med mjølkegeit, mjølkekyr og svin. Talet på bedrifter med mjølkekyr gjekk ned med 5 prosent, til 9 800 i 2013. Talet på bedrifter med mjølkegeit blei redusert med 8 prosent til drygt 300, medan det var 2 500 bedrifter med svin i 2013. Dette var ein nedgang på 5 prosent frå året før.

Fjørfe aukar

Frå 2012 til 2013 auka talet på bedrifter med verpehøner med om lag 4 prosent til knapt 2 000. Talet på bedrifter med slaktekylling auka med 2 prosent til drygt 600. I den same perioden auka talet på verpehøner med knapt 5 prosent til 4,1 millionar, medan talet på slakta kyllingar auka med 2 prosent til 62,7 millionar.

Det samla talet på storfe gjekk noko ned frå 2012 til 2013. Det var auke i talet på mjølkekyr og ammekyr, medan talet på andre storfe gjekk ned i denne perioden. Talet på mjølkekyr auka med 1 100, og enda på 238 700 i 2013. Talet på ammekyr auka med 1 700 til 67 300.

Frå 2012 til 2013 gjekk talet på mjølkegeit ned med 3 prosent til 33 000. Talet på alssvin heldt seg på det same nivået som året før, 98 000, medan talet på svin slakta auka med 21 000.

Fleire mjølkekyr per bruk

Samstundes med nedgangen i talet på buskapar, auka den gjennomsnittlege buskapsstorleiken. Dette blir særleg tydeleg om ein ser på utviklinga over fleire år. Eit bruk med mjølkekyr hadde i gjennomsnitt 24 mjølkekyr i 2013, medan gjennomsnittet var 17 i 2004. Dei som dreiv med sau hadde 73 vinterfôra sauer i fjøset i 2013, mot 62 sauer ti år tidlegare. Blant svine- og eggprodusentane har utviklinga mot større buskapar vore enda meir markert. Eit gjennomsnittleg bruk med alssvin hadde 77 alssvin i 2013, mot 42 alssvin i 2004. Gjennomsnittleg tal for verpehøner per bruk auka frå 1 200 til 2 100 i den same perioden.