20220
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20220
Verdien av fisket passerte 13 milliardar
statistikk
2011-01-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2010, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Verdien av fisket passerte 13 milliardar

Norske båtar leverte 2,7 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2010, 6 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 17 prosent, til 13,2 milliardar kroner.

Total fangstmengd og -verdi. 2000-2010*

Den største delen av fangsten, 79 prosent, gjekk til konsum, medan 21 prosent gjekk til industri.

Sildefangsten minka

Sildefangsten minka med 15 prosent frå 2009 til 2010, men utgjorde likevel 34 prosent av total fangstmengd. Fangstverdien for sild auka med 2 prosent, og utgjorde 21 prosent av total fangstverdi.

Torsk var det viktigaste fisket i verdi

Fangstmengda for torsk auka med 16 prosent. Førstehandsverdien auka med 4 prosent, til 2,9 milliardar kroner. Fangsten av torsk tilsvara 11 prosent av total fangstmengd og 25 prosent av total førstehandsverdi. Den var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Nesten dobling av makrellfangsten

Fangstmengd, etter fangstartar. 2008-2010*. Prosent

I 2009 blei det stopp i fangsten av makrell, og eit restkvantum på 70 tusen tonn av kvota blei overført til 2010. Derfor fekk vi nesten ei dobling av makrellfangsten frå 2009 til 2010.

Låg fangst av kolmule

Fangsten av kolmule minka med 14 prosent frå 2009 til 2010, og har ikkje vore så låg sidan tidleg på 1990-talet. Kolmulefangsten utgjorde berre 7 prosent av den totale fangstmengda og 3 prosent av den totale fangstverdien i 2010.

Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Det er derfor venta ein liten auke i førstehandsverdien etter kvart som omsetningane blir registrerte.

Utanlandske landingar til 1,7 milliardar

Utanlandske fartøy leverte 296 tusen tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2010. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,7 milliardar kroner.

Fangstverdi, etter fangstartar. 2008-2010*. Prosent

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 20. januar 2011. Fleire opplysningar kan ein få hos Fiskeridirektoratet .

Førstehandsverdi/fangstverdi

Førstehandsverdi/fangstverdi er summen fiskaren får utbetalt for fangsten. I denne summen er lagsavgifta trekt frå, medan produktavgifta ikkje er trekt frå. Alle pris- og frakttilskott er lagde til. Sikringstrekk og meirverdiavgift er ikkje rekna med.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB