20170
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20170
Større fangstmengd, lågare verdi
statistikk
2010-02-12T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Større fangstmengd, lågare verdi

I 2009 leverte norske båtar 2,5 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel, 4 prosent meir enn i 2008. Førstehandsverdien utgjorde 11,1 milliardar kroner, ein nedgang på 8 prosent frå 2008.

Total fangstmengd og -verdi. 1999-2009*

Sildefangsten auka med 4 prosent frå 2008 til 2009, og utgjorde heile 42 prosent av total fangstmengd. Fangstverdien for silda minka likevel med 5 prosent, til 2,7 milliardar kroner, og utgjorde 24 prosent av total fangstverdi.

Fangstmengda for torsk auka med 13 prosent, medan førstehandsverdien minka med 22 prosent. Fangsten av torsk tilsvara 10 prosent av total fangstmengd og 25 prosent av total førstehandsverdi, og var dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Det er derfor venta ein liten auke i førstehandsverdien etter kvart som omsetningane blir registrerte.

Fangsten av kolmule har minka med 70 prosent frå 2005, og frå 2008 til 2009 var nedgangen på 46 prosent. Kolmulefangsten utgjorde berre 9 prosent av den totale fangstmengda og 3 prosent av den totale fangstverdien i 2009.

Den største delen av fangsten, 82 prosent, gjekk til konsum, medan 18 prosent gjekk til industrien. Mesteparten av fangstane av augepål, tobis og kolmule gjekk til industrien i 2009.

Fangstverdi, etter fiskeslag. 2009*. Prosent

Fangstmengd, etter fiskeslag. 2009*. Prosent

Utanlandske fartøy leverte 305 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2009. Verdien av dei utanlandske landingane var 1,9 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 26. januar 2009. Fleire opplysningar kan ein få hos Fiskeridirektoratet

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB