20174
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20174
Nedgang i fangstmengd og -verdi
statistikk
2009-08-28T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2009, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i fangstmengd og -verdi

Norske fartøy leverte snautt 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr første halvår i år, vel 4 prosent mindre enn i første halvår 2008. Førstehandsverdien av fisket gjekk ned med nær 13 prosent frå same perioden i fjor.

Fangstverdi, etter fiskeslag. 1. halvår 2009. Prosent

Fangsmengd, etter fiskeslag. 1. halvår 2009. Prosent

Det var størst nedgang i fangstane av kolmule og tobis, medan fangstane av lodde, augepål og blåkveite auka.

Det blei fiska 483 000 tonn sild første halvår 2009, om lag det same som i første halvår 2008. Førstehandsverdien auka med 13 prosent, til 1,1 milliardar kroner. Sildefangstane utgjorde 34 prosent av den totale fangstmengda og 20 prosent av den totale førstehandsverdien.

Sterk nedgang i verdi av torskefangst

Sjølv om førstehandsverdien for torskefangsten minka med 33 prosent frå første halvår 2008 til første halvår 2009, heldt torsken posisjonen som viktigaste arten målt i førstehandsverdi. Fangsten var på 157 000 tonn, om lag 3 prosent mindre enn første halvår 2008. For første halvår i år tilsvarar dette 34 prosent av den totale førstehandsverdien og 11 prosent av den totale fangstmengda.

Loddefangsten auka kraftig, frå 40 000 tonn første halvår 2008 til 230 000 tonn første halvår i år, og utgjorde 17 prosent av den totale fangstmengda. Ei årsak til den store auken er at det i 2009 igjen blei tillate med loddefiske i Barentshavet.

Fangsten av kolmule gjekk ned med 45 prosent, til 219 000 tonn, og utgjorde 16 prosent av den totale fangstmengda.

Av den totale fangstmengda gjekk 72 prosent til konsum, medan 28 prosent gjekk til mjøl, olje og anna. Tilnærma all fangst av tobis, 79 prosent av kolmulefangsten og 33 prosent av loddefangsten gjekk til industrien i første halvår 2009.

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga. 1. halvår 2008-2009
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
  2008* 2009* 2008* 2009*
I alt 1 447 444      1 384 719      6 142 732      5 365 076
Torsk  161 642  157 253 2 751 211 1 848 023
Hyse 37 788 36 782  323 640  261 792
Lange 9 613 8 845  110 188 87 541
Sei  137 105  123 611  774 208  732 866
Blåkveite 3 109 4 388 48 202 80 792
Uer 3 086 3 884 23 309 27 654
Lodde 39 927  230 094 95 364  363 606
Augepål 2 139 4 027 1 931 5 194
Kolmule  397 728  218 676  400 153  303 833
Tobis 81 553 27 418 94 434 40 414
Sild  481 814  482 781  962 814 1 084 221
Annan fisk1 80 104 74 781  330 738  288 179
Reke 11 832 12 179  226 535  240 961
1  Medrekna skaldyr og skjel.
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten. 1. halvår 2009*
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
I alt 1 384 719        5 365 076
Konsum 1 000 179 4 916 611
Mjøl og olje  376 136  445 596
Dyrefôr, fiskefôr, agn og anna 8 404 2 869

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB