20176
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20176
Lita endring i fangstmengd og -verdi
statistikk
2009-02-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lita endring i fangstmengd og -verdi

I 2008 leverte norske båtar 2,4 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel. Dette er 1 prosent meir enn i 2007. Førstehandsverdien utgjorde 12,0 milliardar kroner, om lag det same som året før.

Sildefangsten auka med 16 prosent frå 2007 til 2008. Fangstverdien for silda auka med 26 prosent og blei 2,8 milliardar kroner. Silda utgjorde 23 prosent av total fangstverdi og 42 prosent av total fangstmengd.

Total fangstmengd og -verdi. 1998-2008*. 1 000 tonn og millionar kroner

Fangstmengda og førstehandsverdien for torsk minka med respektive 2 og 6 prosent. Fangsten av torsk tilsvara 9 prosent av total fangstmengd, og heile 29 prosent av total førstehandsverdi, og er dermed det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Det var lita endring i fangstmengda for hyse og sei. Førstehandsverdien for sei var om lag som året før, medan den for hyse minka med 25 prosent.

Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Det er derfor venta ei lita auke i førstehandsverdien etter kvart som omsetningane blir registrerte.

Fangsten av kolmule minka med 23 prosent frå 2007 til 2008. Etter eit toppår i 2004 er fangsten meir enn halvert, men utgjorde likevel 17 prosent av den totale fangstmengda i 2008.

Fangstverdi, etter fiskeslag. 2008*. Prosent

Fangstmengd, etter fiskeslag. 2008*. Prosent

Den største delen av fangsten, 74 prosent, gjekk til konsum, medan 26 prosent gjekk til industri. Mesteparten av fangstane av kolmule, tobis og augepål gjekk til industri i 2008.

Utanlandske fartøy leverte 289 tusen tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2008. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,2 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 30. januar 2009.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB