20180_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20180
Meir fisk - lågare prisar
statistikk
2008-08-27T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå), fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir fisk - lågare prisar

Norske fartøy leverte 4 prosent meir fisk og skaldyr første halvår i år enn dei gjorde i den same perioden i fjor. Fordi prisane var lågare enn i tilsvarande periode i fjor, gjekk førstehandsverdien ned.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 1. halvår 2008*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 1. halvår 2008*. Prosent

Førebelse tal syner at norske fartøy leverte over 1,4 millionar tonn fisk og skaldyr første halvår i år, ein auke på vel 4 prosent frå første halvår 2007. Størst auke har det vore i fangstane av sild og tobis, medan fangstane av kolmule og reke har minka.

Meir omsatt fisk har ikkje ført til høgare førstehandsverdi. På grunn av lågare prisar gjekk førstehandsverdien av fisket ned med 7 prosent, til 6,1 milliardar kroner samanlikna med same perioden i fjor.

Det blei fiska 482 000 tonn sild første halvår 2008. Dette er ein auke på 34 prosent samanlikna med første halvår 2007. Førstehandsverdien auka med 10 prosent, til 963 millionar kroner. Sildefangstane utgjorde 33 prosent av den totale fangstmengda og 16 prosent av den totale førstehandsverdien.

Torsk er den viktigaste arten målt i førstehandsverdi. Førstehandsverdien steig med 3 prosent, til 2,8 milliardar kroner i første halvår 2008. Fangsten var på 162 000 tonn, om lag det same som første halvår 2007, og tilsvarar 11 prosent av den totale fangstmengda og 45 prosent av den totale førstehandsverdien.

Fangsten av kolmule gjekk ned med 23 prosent, til 398 000 tonn, og utgjorde 27 prosent av den totale fangstmengda.

Av den totale fangstmengda gjekk 61 prosent til konsum, medan 39 prosent gjekk til industri. Tilnærma all fangst av tobis, 92 prosent av kolmule og 13 prosent av sildefangsten gjekk til industri i første halvår 2008.

Fangstmengd og -verdi av dei viktigaste fiskeslaga. 1. halvår 2007-2008
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
  2007* 2008* 2007* 2008*
I alt 1 385 943 1 447 444 6 605 688 6 142 732
Torsk  162 088  161 642 2 673 426 2 751 211
Hyse 37 951 37 788  416 391  323 640
Lange 9 101 9 613  113 821  110 188
Sei  139 073  137 105  820 092  774 208
Blåkveite 3 633 3 109 64 621 48 202
Uer 4 870 3 086 36 788 23 309
Lodde 40 598 39 927 93 126 95 364
Augepål 1 432 2 139 1 879 1 931
Kolmule  513 702  397 728  820 850  400 153
Tobis 51 134 81 553 77 319 94 434
Sild  358 646  481 814  877 827  962 814
Annan fisk1 47 330 80 104  323 581  330 738
Reke 16 385 11 832  285 969  226 535
1  Medrekna skaldyr og skjel.
Fangstmengd og -verdi, etter bruken av fangsten. 1. halvår 2008*
  Tonn rund vekt 1 000 kroner
I alt 1 447 444 6 142 732
Konsum  876 793 5 562 016
Mjøl og olje  561 118  559 178
Dyrefôr, fiskefôr, agn og anna 9 532 21 539