20182
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/fiskeri/arkiv
20182
Svak auke i fangstmengd og -verdi
statistikk
2008-02-07T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
fiskeri, Fiskeri, fiske, sjøfisk, fiskeslag (for eksempel sei, sild, kolmule), skalldyr, fangstverdi, fangstmengd, konsumfisk, fiskemjøl, fiskeoljeFiske og fangst, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Fiskeri2007, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i fangstmengd og -verdi

I 2007 leverte norske båtar 2,3 millionar tonn fisk, 4 prosent meir enn i 2006. Medrekna reker, skaldyr og skjel utgjorde førstehandsverdien 11,9 milliardar kroner, 2 prosent meir enn året før.

Total fangstmengd og -verdi. 1997-2007*

Sildefangsten auka med 25 prosent frå 2006 til 2007. Fangstverdien for silda gjekk ned med 1 prosent og er framleis 2,2 milliardar kroner. Silda utgjorde 19 prosent av total fangstverdi og 37 prosent av total fangstmengd.

Fangstmengda for torsk minka med 2 prosent, medan førstehandsverdien gjekk opp med 11 prosent. Fangsten av torsk tilsvara 9 prosent av total fangstmengd, men heile 30 prosent av total førstehandsverdi, og er det viktigaste fisket når det gjeld verdi.

Fangstmengda for hyse auka med 3 prosent, medan fangstmengda for sei minka med 13 prosent. Førstehandsverdien gjekk opp med 7 prosent for hyse og ned med 10 prosent for sei.

Fangstmengd, etter fiskeslag. 2007*. Prosent

Fangstverdi, etter fiskeslag. 2007*. Prosent

Fangsten av kolmule minka med 16 prosent, men utgjorde likevel 23 prosent av den totale fangstmengda i 2007.

Den største delen av fangsten, 68 prosent, gjekk til konsum, medan 32 prosent gjekk til industri. Tilnærma all fangst av kolmule, tobis, augepål og ein stor del av brislingen gjekk til industri i 2007.

Utanlandske fartøy leverte 289 000 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2007. Verdien av dei utanlandske landingane var 2,1 milliardar kroner.

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 29. januar 2007.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB